Hyllestad: Tre personar har testa positivt for koronaviruset i Hyllestad, opplyser kommunen på sine nettsider. Det er starta smittesporing for alle tilfella og smittekjeldene er ukjend.
Vidare skriv kommunen at dei smitta er sett i isolasjon, og at heile 60 personar er sett i karantene.
– I og med at vi er eit lite samfunn, ynskjer vi å vera føre var og stengjer difor skulane og barnehagen til vi har fått oversikt over situasjonen. Det er òg innført besøksrestriksjonar på sjukeheimen og kommunehuset inntil vidare, skriv kommunen.
Alle som har vore i nærkontakt med dei som har påvist smitte vil bli kontakta av smittesporingsteamet for vidare avtale, testing og informasjon. Difor presiserer kommunen at det ikkje er naudsynt å ta kontakt med koronatelefonen eller legevakt.