FAGLEG: – Eg meiner me ville ha fått eit løft fagleg sett og kunne ha utnytta ressursane betre med eitt lensmannskontor i Indre Sogn, seier regionlensmann Arne Johannessen. Arkivfoto
FAGLEG: – Eg meiner me ville ha fått eit løft fagleg sett og kunne ha utnytta ressursane betre med eitt lensmannskontor i Indre Sogn, seier regionlensmann Arne Johannessen. Arkivfoto

Tre lensmannskontor i Indre Sogn: – Det er spesielt om ein løftar blikket litt

Medan tre kommunar på nordsida av fjorden i Sogn må dela på eitt lensmannskontor, får alle dei tre kommunane på sørsida kvar sine. Regionlensmann Arne Johannessen tykkjer det er spesielt.

Sogn: – Eg må berre gratulera Aurland og ordføraren som openbart har jobba godt for å vinna fram. At lensmannskontora i både Årdal, Lærdal og Aurland består er både på godt og vondt, vil eg seia. Det er gledeleg på ei side, men eg har heile vegen vore tydeleg på at utifrå eit fagleg perspektiv så ville det mest fornuftige ha vore å ha eitt kontor i Indre Sogn – når me har dei rammene på økonomi og mannskap som me har.

Det seier regionlensmann Arne Johannessen etter at det endelege politikartet vart klart tysdag. Den store nyhenda for regionen hans sitt vedkomande var at Aurland får behalda lensmannskontoret sitt:

Les også: Lensmannskontoret i Aurland er berga

Innstillinga frå politimeisteren i Vest politidisktrikt var at kontora i både Årdal og Aurland skulle leggjast ned og at kommunane skulle bli dekte av eit større kontor i Lærdal. Politidirektøren heldt fast ved dette i januar.

Les også: Politidirektøren held på nedlegging av lensmannskontora i Årdal og Aurland

Men både Årdal og Aurland kommune nytta seg av klageretten, som eigentleg skulle gå på formelle feil i prosessen. Først vann Årdal fram, og no Aurland.

Lensmannskontoret i Aurland på «prøvetid» til ut 2019

Av 72 klager på nedlegging av lensmannskontor etter innstillinga vart tre tekne til etterretning – frå Aurland, Årdal og Stranda kommune på Møre.

Sjå det endelege politikartet her

– Eg meiner me ville ha fått eit løft fagleg sett og kunne ha utnytta ressursane betre med eitt lensmannskontor i Indre Sogn. Men justisdepartementet har bestemt at det ikkje skal vera slik. Då blir det min jobb i lag med lensmennene i Indre Sogn å sjå på betre effektivitet og drift med tre kontor. Det er ein del ting som framleis ikkje er avklart; fordeling av mannskap, mellom anna, seier Johannessen. 

Han påpeikar også at fredninga av kontoret i Aurland berre gjeld inntil vidare.

– Det ligg inne ei spesiell formulering om at politimeisteren i samråd med regionlensmannen skal evaluera og vurdera ordninga med å oppretthalda kontoret ved utgangen av 2019.

– Lensmannskontoret i Aurland får ei «prøvetid»? 

– Det blir verna inntil vidare, kan ein høyra det som.

Stor skilnad på nord- og sørsida av Sognefjorden

SLIK BLIR DET: Prikken lengst aust på kartet er lensmannskontoret i Årdal, deretter følgjer kontora i Lærdal og Aurland mot sørvest. På nordsida av fjorden ligg kontoret i Sogndal, som også skal dekkja Luster og Leikanger. Vik får behalda sitt kontor, medan prikken lengst vest er kontoret i Høyanger, som Balestrand blir liggjande under. Skjermdump frå politi.no
SLIK BLIR DET: Prikken lengst aust på kartet er lensmannskontoret i Årdal, deretter følgjer kontora i Lærdal og Aurland mot sørvest. På nordsida av fjorden ligg kontoret i Sogndal, som også skal dekkja Luster og Leikanger. Vik får behalda sitt kontor, medan prikken lengst vest er kontoret i Høyanger, som Balestrand blir liggjande under. Skjermdump frå politi.no

Samstundes skal Sogndal, Leikanger og Luster dela på eitt lensmannskontor i Sogndal. Frå Fortun inst i Luster til Sogndal sentrum er det 60 kilometer; om lag like langt som det er frå Aurlandsvangen til Årdalstangen med Lærdalsøyri midt mellom.

Dekningsområdet for kontoret i Sogndal blir beståande av over 15 000 innbyggjarar. I Årdal, Lærdal og Aurland bur det drygt 9 000 menneske til saman.

– Viss ein løftar blikket litt og samanliknar med det som har skjedd i politireforma både på nordsida av fjorden i Sogn og i distrikt i landet elles løftar blikket litt, så er det som har skjedd i Indre Sogn no litt spesielt, seier Johannessen.

 

Til toppen