TOPPSKÅRAR: Ramona Szabo hadde frimerke på seg, men vart likevel toppskårar med sju mål, eitt av dei på straffe.
TOPPSKÅRAR: Ramona Szabo hadde frimerke på seg, men vart likevel toppskårar med sju mål, eitt av dei på straffe. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Tre magiske minutt sikra årets andre siger

Jotun skaffa seg søndag eit pusterom i botn av tredjedivisjon. Men det skjedde ikkje utan dramatikk.

Jotun-Gloppen: 25-22 (13-13)

Jotun var ute å køyra mot tabelljumbo Gloppen, men då sluttsignalet gjekk kunne dei hanka inn to fortente poeng mot botnrivalen.

– Det var ein viktig siger i dag for å halda oss i divisjonen, men det er lenge til slutten av mars og alt kan skje framleis. Me må berre jobba vidare og prøva å ta fleire poeng, seier Jotun-trenar Katalin Karlsen etter dramaet mot nedrykksrival Gloppen søndag.

Då pausesignalet gjekk låg Jotun under med 12-13, og dei måtte starta andreomgang med to mindre på bana.

Tre minutt ut i andreomgang leia heimelaget 16-14. Så kva skjedde?

– Eg hadde eigentleg ikkje heilt tru på det sjølv, men den gjekk inn, seier Ramona Szabo, som avslutta førsteomgang med ei spektakulær skåring på direkte frikast.

Det var berre starten på snuoperasjonen.

Snudde i undertal

Etter pause skåra Jotun to mål i undertal fire mot seks, mot berre eitt baklengs. Så skåra dei eitt til akkurat idet dei vart fulltalige omlag tre minutt ut i omgangen. Derifrå og ut var Gloppen eigentleg aldri i nærleiken av å stela med seg poeng.

– Det var avgjerande i dag at jentene hadde trua på seg sjølve, seier trenar Karlsen.

– I tillegg var dei litt meir aggressive i forsvar i andre og fekk meir hjelp frå keeper òg. Det var det som gjorde det, seier trenaren.

Jotun greidde sakte å auka leiinga, først til tre mål, så til fire og fem, før Gloppen tok time-out rundt fem minutt før slutt. Då det stod att halvanna minutt reduserte bortelaget til 22-25, men det vart òg sluttresultatet.

– Alle gjorde ein bra jobb, så me er stolte, seier Karlsen.

Fekk pusterom i botn

Dermed tok Jotun sin andre siger for sesongen. No har dei fire poeng ned til Gloppen, som enno ikkje har plukka eit einaste poeng.

– Me visste at me kom til å slåst med dei mot nedrykk, så dette var veldig viktig. Det var eigentleg den viktigaste kampen for sesongen, seier Szabo.

Ho vart toppskårar i kampen med sju mål. Kristine Lindborg kom nærast med seks. Bak sørga Vibeke Vigdal Øren for å stenga buret i dei avgjerande periodane av kampen. 

– Med tanke på at eg hadde frimerke på meg, så tykkjer eg det gjekk heilt greitt. Eg prøvde å bidra, ta nokre kjappe vendingar, byrja nokre opprullingar og laga plass til andre, seier Szabo.

– Eg kunne nok stått betre i forsvar, men eg er ikkje så kjapp lenger, seier ho.

Såg raudt – slapp med skrekken

Stine Kauppi Straumsheim fekk tre utvisingar i første og måtte sjå andreomgang frå tribunen. 

– Me er litt ueinige med domarane i dag, men det er no slik det er av og til, seier ein diplomatisk Straumsheim etter kampen.

Utvising nummer to meinte ho skulle ha gått til ei lagveninne. Utvising nummer tre fekk ho då ho skulle forklara feilen til dommaren i pausen.

Då ho hadde snudd seg for å gå i garderoben la ho til: «Det er elendig dømming», noko som fekk dommaren til å trekka det raude opp av lomma.

– Strengt, synst du?

– Det er greitt, eg får ta den. Då fekk eg opp på tribuna og ropa det eg vil. Der kan han ikkje ta meg, seier Straumsheim.

Til toppen