Indre Sogn: Om du ser opp fredag kveld kan du få med deg ikkje berre århundrets lengste måneformørking, men òg den sagnomsuste blodmånen.
Måneformørkinga vil ha starta allereie klokka 22 komande fredag, då månen kjem stigande over horisonten, ifølgje astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.
Spektakulært
Månen var ny for to veker sidan, og har ikkje vore synleg ettersom den har vore plassert mellom jorda og sola, slik at sollyset skin på den sida av månen som er vendt vekk frå oss.
Denne dagen vil nemleg månen bevega seg inn i skuggen frå Jorda og bli totalt formørka. Formørkinga vil vera den lengste me har opplevd på hundre år, og skal vare i heile 1 time og 43 minuttar.
– Dette blir ikkje berre spektakulært, men det blir òg den mest langvarige hendinga av denne typen dette hundreåret, opplyser astronom Vegard Lundby Rekaa til NRK.