Tre medaljar i turn

På krinsmeisterskap i Stryn henta juniorlaget til ÅTIL heim sølv i tumbling og bronse i trampett i juniorklassa, mens rekluttlaget til IL Jotun henta heim sølvmedalje i tumbling. 

Kring 120 deltakarar frå fylket var i helga samla til krinsmeisterskap i troppsgymnastikk i Stryn. 

Laurdag var det stor treningssamling for dei som skulle delta på kretsmeisterskapen, medan sjølve stemnedagen var søndag. Turnerar frå ÅTIL og Jotun stilte i både øvingane trampett og tumbling. 

Tek innpå dei beste

– Det er særs gledeleg å sjå at Årdalslaga tek innpå dei beste. Skavøypoll har vore uoppnåelege i mange år. Det same har Stryn. Me håpar at interessa framleis aukar i Årdal slik at dette tilbudet berre kan veksa og bli endå betre, seier Ruth Laberg, trenar for IL Jotun. 

I juniorklassa stakk ÅTIL av med sølv i tumbling, mens same laget tok med seg bronsemedalje på trampett.

I rekruttklassa tok Jotun sølvmedalje i tumbling. 

VANN SØLV OG BRONSE: Morten Fredheim (frå venstre), Stian Hellebø, Halvor Hovland, Matilde Dvergedal, Henrik Bruhaug og Jonas Kvam frå Årdalstangen IL (Åtil) fekk sølv i junior mix tumbling og bronse på trampett. 

Motiverande helg

– Det er motiverande med ei slik helg, der både små og store kan samlast rundt eit stort arrangement og knyte kjennskap på tvers av klubbane. Årdølene gler seg allereie til neste krinsmeisterskap og muligens får me sjanse til å delta på fleire konkurransar innan den tid, fortel Laberg.

Troppsgymnastikk på fjerde året

For fjerde året på rad er det arrangert krinsmeisterskap i troppsgymnastikk i fylket. Talet på deltakarar er veksande og ein ser ei auka interesse for troppsgymnastikk i fylket, fortel Laberg. 

VANN SØLV: Benedikt Arsenault Sveinsson, Ingeborg Strand, Karoline Hjønnevåg Molland, Helena Damli Rudi, Sofie F. Veum og Marte Hollevik tok med seg sølvmedalje i rekruttklassa i turn på krinsmeisterskap i Stryn i helga.

Til toppen