DØMT: Tre menn er dømt til til fengsel for gruppevaldtekt.
DØMT: Tre menn er dømt til til fengsel for gruppevaldtekt. (Foto: Reinhardheydt)

Tre menn dømt for gruppevaldtekt – 3,6 millionar i erstatning til kvinna

To av menna er dømte til fem års fengsel. Den tredje, som er antatt å vera hovudmannen, er dømt til seks og eit halvt år i fengsel.

Sogn: Lagmannsretten har samrøystes dømt tre menn til fengsel for gruppevaldtekt. 

– Saka har vore ei stor belastning for kvinna som blei valdtatt. Ho var lenge usikker på om ho ville melde forholdet. Ho var redd for ikkje å bli trudd. Det har ho no blitt. Lagmannsrettens dom er samrøystes, uttaler statsadvokat Rudolf Christoffersen i ein e-post til NRK.  

Antatt hovudmann vart først frifunnen 

To av menna vart dømt i tingretten i mars og anka dommen. Den tredje mannen møtte  ikkje i retten den gong, men blei frifunnen i ei seinare rettssak. Avgjerda blei anka av Hordaland, Sogn og Fjordane Statsadvokatembete, skriv NRK. 

To av menna er dømt til fem års fengsel. Den tredje, som først blei frifunnen, er antatt å vera hovudmann og er dømt til seks og eit halvt års fengsel.

Hendinga fann stad i Sogn i februar 2018. Kvinna skal ikkje ha vore i stand til å gjera motstand, og ho har tidlegare uttalt at ho vart dopa ned før valdtekta. I tiltalen sto det at ho blei halden fast med ei pute over nakken og hovudet. 

Dei dømte mennene er alle av europeisk opphav, men er ikkje norske. 

Til toppen