ALVORLEG SAK: Valdtekta skal ha skjedd i eit husvære i Sogn i februar. Saka vart meld til politiet tidleg i april.
ALVORLEG SAK: Valdtekta skal ha skjedd i eit husvære i Sogn i februar. Saka vart meld til politiet tidleg i april. (Illustrasjonsbilete: arkiv)

To av dei tre sikta nektar straffskuld i valdtektssak

Tre menn er varetektsfengsla og sikta for gruppevaldtekt i eit privat husvære i Sogn i februar.

Sogn: Politiet opplyser måndag at dei har sikta tre menn for å ha valdteke ei kvinne i Sogn i februar 2018. Dei fekk melding om valdtekta i starten av april, og har sidan etterforska saka.

Tysdag 5. juni greip politiet tre menn, som no er sikta. Dei tre er alle av utanlandsk opphav med opphald i Norge. Dei er no varetektsfengsla med brev- og besøksforbod i fire veker.

– Etterforskinga pågår for fullt. Det er sett godt med ressursar på saka, seier politiadvokat Sissel Kleiven til Porten.no.

Av omsyn til etterforskinga vil ho ikkje gje andre opplysingar enn det politiet opplyser om i pressemeldinga.

Norberg: – Samarbeider med politiet

Anette Stegegjerdet Norberg, som er forsvarar til den eine av dei tre sikta, vil ikkje svara direkte på korleis hennar klient stiller seg til skuldspørsmålet.

– Det eg kan seia, er at han har avgitt forklaring og at han samarbeider med politiet. På den bakgrunn har han òg samtykka til varetektsfengsling, seier ho.

Politiet har lagt eit tett lokk på saka. Difor er det førebels lite dei tre forsvararane har lov til å seia.

To av tre nektar straffskuld

Advokat Louis Anda seier hans klient, som nektar straffskuld, tek siktinga særs tungt.

– For han er det ein stor belastning å bli varetektsfengsla, for han føler det ikkje stemmer, seier Anda.

Stig Nybø er forsvarar for den siste av dei tre mennene.

– Han sa seg uskuldig i retten på torsdag, seier Nybø til NRK.

Til toppen