Midlar:  Prosjektet Simas Næring AS har fått midlar til skal betra dyrkingstilhøve for frukt og bær. Arkivfoto
Midlar:  Prosjektet Simas Næring AS har fått midlar til skal betra dyrkingstilhøve for frukt og bær. Arkivfoto

Tre millionar til kompostprosjekt

Frukt og bær skal få betre dyrkingstilhøve med spesielt tilpassa kompost. Til å utvikla komposten har Simas AS fått tre millionar kroner.

Lærdal: – Det er voldsamt bra. Me har eit kjempespennande prosjekt på gang, seier Hallvard Thomassen, direktør i Simas Næring AS.

Spesifikk kompost

Regionalt forskingsfond Vestlandet har tildelt Simas Næring AS sitt prosjekt dei tre millionane, som skal koma både miljøet og bær- og fruktprodusentane til gode.

– Kompostproduktet vårt har vore for generelt. No lagar me ein mykje meir spesifikk kompost av matavfallet og hageparkavfallet Simas samlar inn. Ein må gjera litt spesielle ting for å få eigenskapane som gjer komposten best mogleg eigna til dyrking av frukt og bær. Ein av utfordringane er å få redusert saltmengda, fortel Thomassen.

Det er påvist førekomst av jordtrøyttleik og lite fruktbar jord i eplehagar og jordbæråkrar i både Hordaland og Sogn og Fjordane, og dette prosjektet har som føremål å betra dyrkingstilhøva. 

Miljøvennleg

Forskarane vil også leggja vekt på å utnytte sjukdomshemmande organismar i komposttypar der matavfall inngår, slik at prosjektet også skal kunne bidra til mindre behov for kjemiske plantevernmiddel i næringa. Såleis kjem denne bruken av kompost også miljøet til gode

– Dette er ein del av det grøne skiftet. Me vil få korte krinslaup ettersom avfallsprodukta vert nytta der dei oppstod. Avfall er her ein ressurs, ikkje søppel, fortel Thomassen.

Kort fortalt skal altså komposten i Indre Sogn nyttast av frukt- og bærprodusentar i Indre Sogn. Dagleg leiar på Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, er glad for midlane Simas har fått.

– Det er svært gledeleg at Simas har fått midlar til å arbeide meir med kompost. Andre stader i verda blir det dyrka t.d. bringebær i potter oppå jorda, for å unngå ein del sjukdomar som kan ligge latent i jorda. Dette gjer prosjektet til Simas interessant for oss, i tilegg til den delen som går på generell jordtrøyttleik. Det er desstan alltid spenande å få innspel frå andre bransjar inn i vår eigen bransje. Dei ser ofte problemstillingar og ikkje minst løysingar som ein sjølv har blitt blind for. Me gledar oss til å arbeide tettare med Simas framover.

Simas Næring AS har med seg ei rekkje forskingspartnarar med på laget: Njøs Næringsutvikling AS, Lindum AS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, engelske East Malling Research og Universitetet i Oslo.

Til toppen