I GANG: Her dreg fiskarane opp årets første laks, tre minutt etter at sesongen opna i natt. Laksen var på 9,5 kilo og vart teken av Rolf Jerving. Foto: Jan Christian Jerving.
I GANG: Her dreg fiskarane opp årets første laks, tre minutt etter at sesongen opna i natt. Laksen var på 9,5 kilo og vart teken av Rolf Jerving. Foto: Jan Christian Jerving. (Foto: Jan Christian Jerving)

Tre minutt over midnatt drog han denne på land

Natt til måndag starta laksefisket i Lærdalselvi. Sesongen var berre minutt gamal då den første fisken vart dregen på land.

Lærdal: Dermed kunne Rolf Jerving smile breitt etter å ha fanga den første laksen i Lærdalselvi i år. På det tredje kastet drog han i land fisken på 9,5 kilo i hølen Nedre Hansen.

Den nedre delen av Lærdalselvi er fylt opp med fiskarar no som sesongen endeleg er i gang. For fiskarar er dette gjerne jul, nyttår og 17. mai på ein gong.

– Det er alltid like spennande med sesongstart. Det er mange spørsmål og forventningsfulle fjes å møte. Folk har god tru, og eg håpar dei får rett, seier leiar i Lærdal Elveeigarlag Lasse Sælthun.

– Eg køyrde akkurat oppover. Det var mange som stod og fiska på dei nederste fem til ti kilometerane. Det er nok full fres både på hyttene og i elva.

Artikkelen held fram under biletet.

ÅRETS FØRSTE: Rolf Jerving fanga årets første laks tre minutt etter at fiskesesongen opna ved midnatt. Laksen var på 9,5 kilo og vart teken i hølen Nedre Hansen.
ÅRETS FØRSTE: Rolf Jerving fanga årets første laks tre minutt etter at fiskesesongen opna ved midnatt. Laksen var på 9,5 kilo og vart teken i hølen Nedre Hansen.

Gode forhold

Han meiner forholda ligg godt til rette for at det skal bli ein bra start på sesongen. 

– Elva er ganske stor no. Eg har ikkje tatt temperaturen, men det er nok ideelle forhold for at laksen kjem inn og går oppover. Det kan bli litt tungt for han, og kanskje det er litt kjølig, så voldsom fart trur eg ikkje det er på han. 

– Men det er alltid nokre som er ivrigare enn andre. Fisken er nok komen eit godt stykke oppover elva, fortel Sælthun.

I år kan elva bli friskmeld

Årets sesong er, om mogleg, kanskje hakket meir spesiell enn dei andre. Lærdalselvi er no inne i sitt femte år utan at det har blitt registrert gyro på fisk. Er tilstanden den same i haust, blir elva offisielt friskmeld.

– Det har eigentleg vore spennande kvart år, men det er jo no me får den endelege svaret. Det skal takast prøvar i august og oktober, og forhåpentlegvis blir det ei feiring i november. Då blir elva vurdert som alle andre elver, seier Sælthun.

– Kva betyr det?

– Det betyr sannsynlegvis utvida fisketid. Det er noko me må ta opp med Fylkesmannen, men me går truleg tilbake til ordinære tider med lengre fisketid i begge endar. Og så har ein reiskapsbruken. No har me fang og slepp og berre flugefiske. Blir elva friskmeld, må me vurdere fiskereglane utan at eg kan seie kva konklusjonen er no.

Til toppen