Laurdag denne helga vart det kjent at det igjen er koronasmitte i Gulen.
Kommuneoverlege Anita Pettersen ønskjer ikkje å uttale seg så mykje om det konkrete tilfellet, men seier at den smitta sit i isolasjon.
- I tillegg er tre nærkontaktar i karantene. Desse har alle testa negativt, seier ho til Porten.no.
- Les óg: Nesten tomme for vaksine i Årdal
Forventar at det kan kome meir
Difor meiner kommuneoverlegen at det er lite som tyder på smittefare i kommunen som følgje av tilfellet.
– Men med smittesituasjonen i landet og Bergen, må ein for vente at det kan komme nye tilfeller også her i kommunen, seier ho.
Gulen har ikkje hatt smitte sidan slutten av september. Den gongen var det tre personar i same familie som vart smitta.
Den gongen vart delar av Dalsøyra skule sendt heim fordi familien var tilknytta skulen.