ARTISTAR: Klovner i Kamp er ei av gruppene som skal spela på årets Målrock. Foto: Pressefoto. 
ARTISTAR: Klovner i Kamp er ei av gruppene som skal spela på årets Målrock. Foto: Pressefoto. 

Tre nye artistar er klare for Målrock 

Det blir ellevill skapop, legendarisk hiphop og jærsk rock til årets Målrockfestival når Razika, Klovner i Kamp og Skambankt no er klare til festivalen i Årdal.

Årdal: – Dei tre fell alle naturleg inn i Målrock-omgrepet, og representerar tre litt ulike sjangrar og uttrykk, seier Katrine Clausen Fredheim, leiar for Målrock. 

Klovner i Kamp blir den eine avsluttaren i år, saman med DumDum Boys som blei offentleggjort før jul.

Les også: Den første Målrock-artisten er klar

Godt omdømme

Målrock 2016 går av stabelen i Årdal 10-13. august. Markus & Martinus står i år for ein pangopning onsdag 10. august, før festivalen for alvor brakar laus frå torsdag 11. august til og med laurdag 13. august.

Les også: Desse tenåringsidola kjem til Målrock

– Alle gledar seg til å spele på Målrock. Mi er ein festival med godt omdømme blant artistane, så stort sett både trives og leverar alle på topp nivå når dei kjem til Årdal og Målrock, seier Fredheim. 

Av dei tre nyannonserte gruppene, har to av dei aldri vore på Målrock før. Men festivalarrangøren meiner dei likevel glir godt inn i det som er i ferd med å bli eit variert og godt program. 

– Dei tre fell alle naturleg inn i Målrock-omgrepet, og representerar tre litt ulike sjangrar og uttrykk, seier ho. 

Held høgt nivå 

Målrock 2016 går av stabelen i Årdal 10-13. august. Markus & Martinus står i år for ein pangopning onsdag 10. august, før festivalen for alvor brakar laus frå torsdag 11. august til og med laurdag 13. august.

– Eg gledar meg veldig til alle tre. Vi er sjølvsagt spente på årets Målrock, det er vi alltid, men vi har hatt ein god start i haust og vinter, seier Fredheim.

Arrangøren lovar å levere ei skikkelig Målrockpakke med høgt nivå.  

– Målrock ligg an til å, igjen, få eit veldig sterkt program med ei salig blanding av kjende og litt mindre kjende artistar, men alle saman på eit høgt nivå, seier Fredheim. 

Nye til Målrock

Klovner i Kamp er heilt ferske og har ikkje vore med på Målrock tidlegare. Gruppa blei opprinneleg starta i 1994 av dei to kameratane Alis og Dr. S, og er Noregs mestselgjande rapartistar gjennom tidene, med fleire prisar både for sine norske tekstar og musikk.

Dei spelte opphaveleg sin avskjedskonsert i 2006, men har dei siste par åra så smått vakna til live igjen, og i 2016 gjer dei omsider sin Målrock-debut. 

Razika er også nykommarar i år. Gruppa består av Marie Amdam, Marie Moe, Maria Råkil og Embla Karidotter, og bandet frå Bergen som er godt innanfor Målrock-omgrepet med sin heftige og energiske sak-pop-rock.

NYE: Bergensgruppa Razika skal er klare til å spela under Målrock 2016.
NYE: Bergensgruppa Razika skal er klare til å spela under Målrock 2016.

– Dei har gjort seg kjende med låtar som ”vondt i hjertet” og ”Om igjen”, og har mellom anna vore Spellemann-nominert for debutalbumet ”Program 91”. Albumet fekk strålande kritikkar over heile verda, mellom anna i New York Times og Pitchfork, skriv Målrock i ei pressemelding.

 Gjengen er ein del av det solide musikkmiljøet i Bergensområdet, og kjem til Målrock for fyrste gong.

Gjengangarar 

Skambankt har lenge vore ”sideprosjektet” til Terje Winterstø Røthing frå Kaizers Orchestra, men har likevel klart å etablere seg i elitedivisjonen av norsk rock. Etter at Kaizers la inn årene i 2013 har Skambankt igjen byrja å røre på seg, og den hardtslåande gjengen frå Rogaland stiller med saftig rock frå øvste hylle til årets Målrock.

MÅLROCK 2016: Skambankt er klare for årets Målrock.
MÅLROCK 2016: Skambankt er klare for årets Målrock.

Les også: Hihop-veteran til årets Målrock

Skambankt besøkte Målrock sist i 2005, og har sidan starten i 2004 sluppe heile 5 plater. Bandet gjer berre nokre utvalde konsertar i 2016, så det gjeld å kjenne si besøkelsestid når Skambankt står på scena i Meieriparken.

Til toppen