TESTA POSITIVT: Tre nye personar i Vik er påvist smitta av koronavirus.
TESTA POSITIVT: Tre nye personar i Vik er påvist smitta av koronavirus. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Tre nye smitta i Vik

Det melder kommunen på eigne nettsider.

Vik: Vik kommune melder tysdag at dei har registrert tre nye smittetilfelle. Det offisielle talet er dermed oppe i 12 smitta i kommunen.

– Den eine personen er ein nærkontakt busett i kommunen, og personen har vore i karantene dei siste dagane. Vedkommande har no gått i isolasjon, skriv kommunen på eigne nettsider.

Dei to andre tilfella har ikkje kommunen fått melding om direkte. Kommunen går difor ut frå at dette gjeld personar busett utanfor kommunen, men som er folkeregistrerte i Vik.

Til saman har 36 personar blitt smitta av koronavirus i Indre Sogn sidan mars. Då har me berre talt med dei som har opphalde seg i kommunen når det positive svaret kom. Sogndal har hatt flest tilfelle med 17, Vik har hatt 11, Luster 6, Årdal 3, og Lærdal 1. I Aurland har det ikkje vore påvist smitte innad i kommunen.

Til toppen