Tre nye tilfelle i Sogndal. No har kommunen ti smitta på ti dagar
(Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

Tre nye tilfelle i Sogndal. No har kommunen ti smitta på ti dagar

Alle tre er tilknytta arbeidsinnvandring frå utlandet.

Sogndal: Sogndal kommune kan fredag melde om tre nye tilfelle av korona i kommunen.

Det skriv dei sjølv på sine heimesider. 

– Alle tre er knytta til arbeidsinnvandring frå utlandet, skriv kommunen. 

Kommunen skriv at samtlege har vore i karantene som nærkontaktar. Personane er isolerte, og det er difor ikkje fare for smitte til andre. 

Ti smitta på ti dagar

Kommunen skriv vidare at dei no har hatt ti positive prøvar på like mange dagar. 

Alle har kjent smitteveg.

– Me har ingen teikn som tyder på at det er generell smitte ute i lokalsamfunnet, skriv kommunen.

Til toppen