FALT I BREVATN: Tre personar har falt i brevatnet ved Nigardsbreen i Luster. Ein person er sakna ifølgje politiet.
FALT I BREVATN: Tre personar har falt i brevatnet ved Nigardsbreen i Luster. Ein person er sakna ifølgje politiet. (Foto: Marthe Gjerde)

Tre personar falt i Nigardsbrevatnet, éin bekrefta omkomen

– Sannsynleg at Nigardsbreen har kalva og personane har vorte truffen anten av vatn eller isblokker, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Luster: Tre personar falt i Nigardsbrevatnet sundag kveld, og ein person vart meld sakna. To av dei kom seg opp på eige hand men den tredje vart ikkje gjort rede for. 

Klokka 18:15 sa Helge Blindheim operasjonsleiar ved Vest politidistrikt følgjande:

–Det har blitt observert ein livlaus person heilt nord i vatnet. Me har ikkje klart å koma oss bort til personen, seier Helge Blindheim operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Porten.no. 

Klokka 19:19 melde Vest politidistrikt at den livlause personen som var observert i Nigardsbrevatnet, var den sakna av dei tre som falt i vatnet klokka 17.

Personen vart bekrefta død av ein lege på staden.

– Det er sannsynleg at Nigardsbreen har kalva og personane har vorte truffen anten av vatn eller isblokker, seier Blindheim. 

Brannmannskap, redningshelikopter og ambulanse var på staden klokka 18:15 på staden og forsøkte å koma seg fram til den livlause personen som var observert heilt nord i vatnet. 

Klokka 17:09 fekk politiet melding om hendinga og det vart sendt redningshelikopter frå Florø, luftambulanse frå Førde, politi i frå Sogndal, samt redningsdykkarar frå Bergen. 

Til toppen