SCORA I 71. MINUTT: Silje Torvanger sende Kaupanger i leiinga mot Haugar på bortebane i dag.
SCORA I 71. MINUTT: Silje Torvanger sende Kaupanger i leiinga mot Haugar på bortebane i dag. (Bilde: Øyvind Nondal/arkiv)

Tre poeng nærare opprykk

Kaupanger vann 2-1 mot Haugar på Sakkestad gras, og dermed er draumen om opprykk eit steg nærare. 

UTLIKNA: Miriam Vilnes Mjåset utlikna mot Haugar i andre omgang. 
UTLIKNA: Miriam Vilnes Mjåset utlikna mot Haugar i andre omgang.  Bilde: Øyvind Nondal/arkiv

Sogndal/Haugesund: Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier til Porten.no at dei spela ein kjempekamp i dag og innsatsen var enorm.

Stillinga var 0-0 til pause.

Like etter pause i 47. minutt var det Haugar som kom i leiinga. Tjue minutt seinare utlikna Miriam Vilnes Mjåset til 1-1.

Seinare auka Silje Torvanger leiinga til 2-1. Det viktige målet gjer at Kaupanger no ligg an til å verta seriemestar om dei vinn neste kamp.

Viktig heimebanekamp

Rinde seier at neste helg skal dei spela mot Fyllingsdalen på heimebane.

– Vinn vi den kampen skal vi spela kvalifikasjon mot Hønefoss og Tromsdalen. Den som vinn der vil rykkja opp til 1. divisjon.

Rinde håpar på stort publikum søndag.

– Eg håpar det kjem 500 på Kaupanger stadion til kampen som startar klokka 14. Vinn vi mot Fyllingsdalen, så vinn vi serien avsluttar Rinde.

Laget starta slik:

Keeper: 1 Linn-Mari Nilsen

Forsvar: 3 Lone Cirotzki, 4 Andrea Hopen, 6 Åshild Hereid Haugen, 14 Jannike Orrestad Andersen

Midtbane: 8 Marie Ruud Pettersen, 11 Ylinn Tennebø, 24 Karianne Kvam Gurvin, 32 Tea Berteig 

Angrep: 10 Silje Torvanger, 9 Miriam Vilnes Mjåset  

Innbytarar: 12 Aina Kvam, 7 Ingrid Lovise Jåstad, 15 Stine Gjerde, 23 Ingri Ness, 25 Elemine Josefine Ellingsund Øyra

Til toppen