FORNØGD: Trener Øystein Lindesteg Rinde var fornøgd med å få 3 poeng, sjølv om Kaupanger hadde ein dårleg dag. Foto: Arkiv
FORNØGD: Trener Øystein Lindesteg Rinde var fornøgd med å få 3 poeng, sjølv om Kaupanger hadde ein dårleg dag. Foto: Arkiv

Tre poeng på ein dårleg dag

Kaupanger tok nye tre poeng, men laga meir spenning enn nødvendig i andre omgang.

Kaupanger: Kaupanger - Avaldsnes 2-1

– Ein må ta kampen, ta krigen, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde. – Det gjorde vi ikkje så mykje i dag. Samtidig så vinn vi og viser at vi har den kvaliteten som trengst.

Kaupanger spelte siste heimekampen før det blir ein liten pause og klarte å ta med seg alle tre poeng mot laget som ligg nedst på tabellen. Det var Marie Ruud Petersen som ga Kaupanger leiinga før pause. 

– Vi leda 1-0, men vi hadde likevel mange sjansar som vi skulle ha skåra slik at vi leda meir. Andre omgangen så slite vi når kampen begynn at, forklarer Rinde.

Likevel klarer Miriam Vilnes Mjåseth å setje det andre målet bak motstanderen sin keeper, og det ser ut til å bli ein ny komfortabel siger. – Vi rota det til sjølv og får eit mål i mot. Då blir det alltid litt meir spenning. Alt i alt vinne vi fortent på ein dårleg dag. Det er jo ein styrke deg også, seier Rinde.

 

Til toppen