Tre positive prøvar: Tastefeil frå Helse Førde
(Foto: Norsk Hydro/arkivfoto)

KORONAVIRUS

Tre positive prøvar: Tastefeil frå Helse Førde

Prøvar tekne i Høyanger og Kinn kom positive tilbake onsdag.

Retting: Først melde Helse Førde at smittetilfella var i Høyanger og Kinn. Seinare fekk Porten.no informasjon om at Hyllestad og Kinn hadde smittetilfelle, ikkje Høyanger. Helse Førde beklagar feilen. Les meir her

Høyanger: Helse Førde gjennomførte 370 prøvar onsdag 11. november. Tre kom tilbake positivt. 

Det skriv foretaket på si eiga heimeside. 

Oppgir ikkje kva kommune

Dei positive prøvane er tekne i Høyanger og Kinn kommune. Foretaket oppgir ikkje kor mange som er smitta i kvar kommune. 

Helse Førde presiserer at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen den smitta bur  i eller er folkeregistrert. 

Tala omfattar ikkje prøvar som er undersøkte ved andre laboratorium. 

Til toppen