LANDSLAGET: Ulrik Fredriksen er ein av tre spelarar frå Sogndal Fotball som får vera med i U21-landslaget.
LANDSLAGET: Ulrik Fredriksen er ein av tre spelarar frå Sogndal Fotball som får vera med i U21-landslaget. (Foto: Thomas Brekke Sæteren / Arkiv)

Tre Sogndal-spelarar med i U21-troppen

Tysdag offentleggjorde NFF kven som skal vera med då U21-landslaget skal møta Tyrkia i La Manga i slutten av november.

Sogndal: Blant dei var det ikkje færre ein tre spelarar frå Sogndal Fotball: Ulrik Fredriksen, Tomas Totland og Kjetil Haug. 

– Dette er oppstart med nytt lag. Me har med oss nokon som har vore med tidlegare, men også ein del nye namn. Det handlar om å bli kjent med desse spelarane. Det er eit veldig fint høve til å gjera det på La Manga, seier trenar Leif Gunnar Smerud i ei pressemelding frå NFF. 

Erfarne spelarar

Forsvarspelar Ulrik Fredriksen (19) har tidlegare vore med på U19-landslaget i EM i Finland i 2018. 

Tomas Totland, U21 Foto: Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Forsvarspelaren Tomas Totland (19) står med tre kampar for G18. Denne hausten har han fått mange sjansar på venstrebacken til Sogndal og imponert såpass at han no blir belønna med debututtak til U21. 

– Dette var kjekt, eg trudde ikkje eg skulle stå på blokka allereie no, sa han i ei pressemelding frå Sogndal Fotball. 

Keepertalentet Kjetil Haug Haug (20) returnerte nyleg til klubben etter utlån til Elverum. Han har tidlegare spelt seks kampar for U18- og U19-laga til Manchester City, og vart henta til Sogndal i vår. 

Kjetil Haug. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Heile U21-troppen

Kjetil Haug - Sogndal (Elverum)
Julian Faye Lund - Levanger
Leo Skiri Østigård - Brighton
Ulrik Fredriksen - Sogndal
Fredrik Andre Bjørkan - Bodø/Glimt
William Sælid Sell - Mjøndalen
Birk Risa - Odd
Nico Mickelson - HamKam 
Gaute Høberg Vetti - Sarpsborg 08
Tobias B. Børkeeiet - Stabæk
John Hou Sæter - Stabæk
Hugo Vetlesen - Stabæk
Felix Horn Myhre - Vålerenga
Tomas Totland - Sogndal
Tobias Heintz - Sarpsborg 08
Tobias Svendsen - FK Haugesund
Eman Markovic - HSK Zrinjski Mostar
Magnus Retsius Grødem - Vålerenga
Andreas Helmersen - Ranheim
Dennis Johnsen - Ajax
Rafik Zekhnini - Twente 
Andreas Hoven - Strømsgodset

Til toppen