ULUKKE: Ein person vert frakta vekk med luftambulanse etter trafikkulukka i Lærdal.
ULUKKE: Ein person vert frakta vekk med luftambulanse etter trafikkulukka i Lærdal. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Tre til sjukehus etter trafikkulukke i Lærdal

Totalt ti personar var involverte i ulukka, èin av dei vart frakta vekk med luftambulanse, to med ambulanse.

Lærdal: Politiet fekk melding klokka 14:56 om at tre bilar hadde kollidert i Lærdal. Ulukka skjedde på E16 ved Ljøsne

AMK-sentralen til Helse Førde melde at skadeomfanget var usikkert. To ambulansar, lokal lege og luftambulanse vart varsla.

Kvart over fire kunne dei opplyse at ein person hadde blitt transportert med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde, medan to personar vart køyrde i ambulanse til sjukehusa i Voss og Lærdal.

I alt ti personar var involverte i ulukka.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller på SMS til 480 13 131.

Til toppen