25 ÅR: Ivar Jevnaker og Øyvind Heggheim får i år 25 års premie på Aosarennet. Dette gjer også Erling Offerdal, som ikkje var tilstades på bilete, men ute i løypa for å teste forholda. Foto: Kaja Nygård.
25 ÅR: Ivar Jevnaker og Øyvind Heggheim får i år 25 års premie på Aosarennet. Dette gjer også Erling Offerdal, som ikkje var tilstades på bilete, men ute i løypa for å teste forholda. Foto: Kaja Nygård.

Tre turrenn-løparar har vore med kvart år sidan starten

Skisenteret på Seimsåsen er arena for det årlege Aosarennet. I år er det duka for jubileum. Det er 25 år sidan det første rennet gjekk av stabelen.

Seimsåsen: Søndag arrangerte Årdalstangen IL og Jotun IL Aosarennet på Seimsåsen. Dette er eit turrenn for alle og inkluderar både aktive og trimmarar. 36 var påmeldt i konkurranseklassen, og om lag 40 gjekk i trimklassen. Det var deltakarar frå både Årdal, Gaupne, Førde og Raufoss.

Trimklassen utan tidtaking starta årets Aosarenn. Deretter skulle  konkurranseklassen med tidtaking og fellesstart ut i elden. Konkurranseklassen er delt inn i ulike klassar.

- I dag blir rennet arrangert for 25.gongen. Det er ikkje til å tru at det er så lenge sidan første gongen, fortel Ivar Jevnaker.

Ivar Jevnaker, har saman med Øyvind Heggheim og Erling Offerdal vore med sidan starten. Dei får i år 25 års premie på Aosarennet sitt 25 års jubileum. Det viser at dei har vore stabile deltakarar.

Ivar Jevnaker fortel at det er svært gode løyper, men at forholdet på Seimsåsen gjer smørjing av ski vanskeleg.

- Det er glatt, og forholda i dag gjer at det er vanskeleg å vite kva ein skal smørje med. Men løypene er gode.

Langtidspremiar

Saman med dei tre som kan hente den gjeve 25 års premien, er det også ein del ivrige skiløparar som kan hente premie for 5 og 15 år.

Desse er:

5 år: Niklas Dvergedal, Sara Sofie Hegg, Edvin Hestetun, Lars Jevnaker, Tom jevnaker, Håvard Kvam, Marie Molde Lappegard, Helen Lomheim, Jan Arve Lund, Johannes Lund, Dag Kjetil Lægreid, Frode Sanden, Katarina DaSilva Sveen, Sunniva Tandberg og Gard Reppen Vigdal.

15 år: Arvid Atterås, Elin Bøthun, Sverre Heggheim, Kåre Kastet, Anders jr. Seim, Ola Seim, Sissel Seim og Katrine Strand.

Til toppen