VIKTIGE POENG: Dei tre poenga var viktige for at damene skulle halde tabelltoppen. FOTO: Andreas Aannevik
VIKTIGE POENG: Dei tre poenga var viktige for at damene skulle halde tabelltoppen. FOTO: Andreas Aannevik

Tre viktige poeng for Kaupangerdamene

Kaupanger IL - Fyllingsdalen FK 1-0

Sola skein då damelaget til kaupanger kjempa om tre viktige poeng mot Fyllingsdalen. Desse poenga var viktige for at damene frå Kaupanger skulle halde tabelltoppen. 

Det fyrste kvarteret styrte heimelaget, der ballen var mest på bortelaget sin banehalvdel. 16 minutt ut i kampen kjem den første sjansen for Fyllingsdalen. Ballen går ut på sida av målet.

Berre nokre sekund etter, sett spelar nummer 10 Silje Torvanger ballen i målet for Kaupanger.

Resten av fyrste omgang kjem det fleire sjansar frå begge sider, men heimelaget styrer fortsatt spelet. 

Spelarane går til pause med resultatet 1-0.

Fire minutt ut i andre omgang held Andrea Hopen på å lage 2-0 målet, men målet blir annulert grunna angrep mot keeper.

Kampen enda 1-0 til heimelaget.

Til toppen