Hafslo: – Det var få aktive alpinistar som var med køyrte, no er med 20 stykker, seier Lars Olav Halleråker som trenar alpingruppa i Hafslo.
Det hadde vore litt forskjellige trenarar til og frå, og ulike typar samarbeid med andre aktørar, så han fekk spørsmål om å hjelpe til, og tok over i januar i fjor.
– Frå i fjor då eg tok over, så har gruppa vorte tre gonger så stor, seier han.
Tar det gradvis
Halleråker er idrettslærar på vidaregåande skulen i Sogndal, og alpininstruktør på dugnad. I år starta dei med to grupper, ei med 3.-5.klasse og ei med 6.klasse og oppover.

– Det er breiddeidrett, ikkje toppidrett. Me held oss på klubbnivå til eventuelt ungdommane eller foreldre vil ta dei eit hakk vidare, seier han.
Det er fokus på å ha det gøy, men han kan òg love at dei blir brukandes skiløparar.
– Eg kjem til å det gradvis frå botn. Eg er redd for å ta ting for kjapt, og miste folk. Ikkje dytte nokon inn i konkurranseløp som ikkje er nødvendig. Det viktigaste er å ha det gøy, og trivast på ski. Så blir dei godt nok skulert til å køyre, seier han.
Han fortel og at det er kort veg mellom å ha det gøy på ski, og bruke store summar på å reise rundt på konkurransar.
– Alpin er verdas dyraste sport å drive med. Men eg ser ikkje vekk frå at nokon frå gruppa kan ende opp der
Skremmer ikkje han
At gruppa er tredobla skremmer han heller ikkje med tanke på korleis han lagar til opplegget.
– Eg synast det er kjempebra. Heilt strøkent! Me får bakken for oss sjølv kvar onsdag, og skibakken er like ved der me bur. Ingen som har det så bra, seier han.
Han trur at fleire vart med for å ha ein ålreit vinteraktivitet, men trur hovudårsaka skyldast at dei fekk reklamert betre.
– Me fekk ut meir informasjon i år, og det hjalp utan tvil, seier han.
Han håpar at fleire blir med i gruppa, og har framleis mykje kapasitet. Han oppfordrar foreldrene til å vere med på treninga òg.
– Dei kan vere med å sulle litt i bakken på ski. Då ser dei kva me jobbar med, det er meir tryggleik for ungane, og kanskje dei lære seg noko triks dei òg, seier han.
Og det at det ikkje har snøa så mykje i vinter har heller ikkje vore noko problem.
– Det er ikkje enormt med snø, men det er nok snø i høgden. Og kunstsnøen er super