KNIPENBORG: Bjarne Sandvik er ein dreven skyttar frå Knipenborg skyttarlag. Arkivfoto
KNIPENBORG: Bjarne Sandvik er ein dreven skyttar frå Knipenborg skyttarlag. Arkivfoto

Treffsikker helg

I helga er det innandørs skytestemne i Årdal og Aurland. 

Årdal: Laurdag og søndag er det innandørs skytestemne i Årdal og Aurland.

Det er Farnes, Knipenborg og Aurland sine skyttarlag som arrangerer skytestemne i 15 meters skyting i Indre Sogn. Skyttarane kan då vere med på tre stemner i Sogn denne helga.

Premiering

Skyttarlaga melder på sine heimesider at det er premiering på kvart stemne.

Det er  1 medalje i kvar av klassane 1, 2, V55 og V73 ved minimum 5 deltakarar og 2 medaljar i klasse 3-5. 

Det er også medaljar i kvar av klassane rekrutt, eldre rekrutt og junior.

Aspirantane, som er dei yngste skyttarane, får alle deltakarpremie.

Det vankar også pengepremie til den som blir best samanlagt på alle tre stemna.

Treffsikre

Det er mange påmeldte til stemna, så det blir ei treffsikker helg.

Du kan følgje med på live sending på skyttarlaga sine heimesider.

Til toppen