TREFFSIKKER ROCK: Slegest blandar klassisk heavyrock og meir ekstrem metal. No er dei aktuelle med ny plate og musikkvideo. Foto: Ørjan Talle.
TREFFSIKKER ROCK: Slegest blandar klassisk heavyrock og meir ekstrem metal. No er dei aktuelle med ny plate og musikkvideo. Foto: Ørjan Talle.

Treffsikre Slegest aktuelle med video spelt inn på gamal låve

– Det skal vera tungvint å driva med heavy, seier frontfiguren.

Leikanger: Slegest er eit hardstlåande band frå Systrond. Snart kjem dei med sitt andre album og i desember skal dei på turnè i Europa.

Den første musikkvideoen frå albumet er allereie ute. Den vart spelt inn i ein låve langt oppe i ein dal på Leikanger. Ein vill idè, men ein dei ikkje greidde å leggje frå seg etter at produsenten hadde presentert den.

– Me baksa oss opp i Njøsadalen med alt stæsjet vårt og kopla oss opp. Så blei det video av det, seier Stig Ese Eliassen, grunnleggjar, låtskrivar og frontfigur i bandet.

– De kunne gjort det enklare for dykk sjølve. Kva var motivasjonen?

– Eg liker idear som er tungvinte. Det er løge med det, men motbør det er fint. Det skal vera tungvint å driva med heavy. Det ferdige resultatet representerer musikken og stemninga godt, ikkje berre for låta, men for heile albumet, seier han.

Nederst kan du sjå korleis resultatet vart.

Les også: Frå øving i fjøsen til cruisefestival i Karibien

SLEGEST: Anders Christian Fjøsne, Roger Sørensen, Stig Ese Eliassen og Håvard Ese Eliassen utgjer Slegest.
SLEGEST: Anders Christian Fjøsne, Roger Sørensen, Stig Ese Eliassen og Håvard Ese Eliassen utgjer Slegest.

Kortreist rock

Alle bandmedlemmane kjem frå Systrond i Leikanger kommune. Ikkje at det er noko krav, det har berre blitt slik.

I tillegg til Stig Ese Eliassen består bandet av Håvard Ese Eliassen på bass, Sven Roger Sørensen på gitar og Anders Christian Fjøsne på bass.

– Me vaks opp i lag og har hatt lidenskapen for musikk sidan me var små. Når eg skulle laga band av Slegest, som oprinneleg var eit soloprosjekt, var dei naturlege val, seier Ese Eliassen.

Det nye albumet, Vidsyn, kjem tidleg i november og byggjer vidare på den første plata. Her er mange element frå både gamal heavyrock og meir ekstrem metal.   

– Eg tykkjer det let feitt, i allefall i mine øyrer. For dei som kjenner oss vil det nok ikkje verte noko sjokk stilmessig. Men me har gjort nokre grep for å underbyggje det som for oss har teikna seg som soundet til Slegest. Det er viktig at det har ei nerve, det er det eg vurderer musikk etter. Eg går etter magekjensla, seier Ese Eliassen.

Større ute enn heime

Slegest er nok eit eksempel på eit band frå Sogn som dei færraste har høyrt om, men som likevel turnerar i Europa. Frontfiguren har merka det same, men har eigentleg ikkje noko god forklaring.

– Det er eit godt spørsmål. Det er jo ei nisje dette her. Ute i Europa er det fleire folk, og metalen står sterkt i mange byar i Europa. Det er musikk du må oppsøka i større grad enn mykje anna musikk, seier han.

– I Sogn har det vore ei bra metalmiljø over lengre tid. Kanskje meir på trass av, enn på grunn av. Slike ting inspirerer jo.

Til Europa reiser dei i lag med svenske Shining og norske Taake. Turnèen skal innom land som Tyskland, Nederland, England, Frankrike og Italia.

– Å spela på klubbar for fulle hus er jævla feitt. Det er mykje av driven til å driva på. Eg likar godt å framføra musikken, det er noko spesielt med det. 

Her kan du sjå musikkvideoen. Produsent er Håvard Nesbø:

Til toppen