HJELPEARBEIDAR: Åge Bøyum frå Lærdal deltek i den store Røde Kors-operasjonen i Sør-Sudan som sørgjer for mat og medisin til innbyggjarane. Privat foto
HJELPEARBEIDAR: Åge Bøyum frå Lærdal deltek i den store Røde Kors-operasjonen i Sør-Sudan som sørgjer for mat og medisin til innbyggjarane. Privat foto

Trefningar i byen Åge er stasjonert

Åge Bøyum frå Lærdal hadde vore stasjonert i den sør-sudanske hovudstaden Juba i tre månader. Så reiste han til Uganda fordi han hadde nokre fridagar. Dagen etter small det i Juba.

Uganda/Sør-Sudan: – Hadde eg vore der eit par dagar til, ville eg ha hamna midt oppi det, seier Åge Bøyum på telefon frå Uganda til Porten.

Fredag braut det ut harde kampar i den sør-sudanske hovudstaden Juba. Fleire hundre er meldt drepne i kampane, i følgje NRK Sogn og Fjordane. Dei fortalde først historia om hjelpearbeidaren i Røde Kors, Åge Bøyum frå Lærdal, som dagen før kampane tok til reiste til Entebbe i Uganda fordi han hadde nokre fridagar.

– Eg er stasjonert i Juba og har vore der i tre månader no, seier Bøyum.

Våpenkvile overhalde i dag

Internasjonale Røde Kors har ein stor operasjon med base i Juba. Gjennom operasjonen sørgjer dei for mat og medisinar til innbyggjarane. 

– Oppgåva mi er å forsyna sjukehusa med medisinsk utstyr, fortel Bøyum. 

Han har fleire kollegaer som er att i Juba. Etter trefningane gjennom helga har han no von om at det byrjar å roa seg

– Det er innførd våpenkvile og den er overhalde i dag. Røde Kors har att mannskap der inne. Ein blir naturlegvis bekymra for kollegaer, men det ser ut til å ha gått bra. Eg skulle ha reist tilbake i går, men det let seg ikkje gjera. Situasjonen blir overvaka, så eg ventar på klarsignal før eg kan reisa innatt. Og det veit eg ikkje når blir.

– Ein kan ikkje vera redd

– Korleis tenkjer du når slikt skjer? Blir du redd?

– Ein kan ikkje gå rundt å vera redd, men ein må vera budd på at kampar kan oppstå. Det er eit ustabilt land.

– Når skal du heim til Lærdal?

– Eg skal heim ein tur i 15.august og vera i fire veker. Så reiser eg ned att og blir der til før jul.

 

Til toppen