Aurland: – Me hadde ei interesseliste på nær førti personar. Denne er me no gjennom utan at det har ført til mange signerte avtalar pr. i dag, seier Magne Forberg, grunneigar og styreleiar i Solhammar AS.
For ein liten månad sidan var det kick-off og salsstart. Interessa for prosjektet verka stor – Trudvang kino i Aurland var nær på fullsett og mange melde altså si interesse.
Les også: Stor interesse for den første leilegheitsblokka i Aurland
Les også: Luftig bustadprosjekt i Aurland skal utnytte ny trend
Men vekene i etterkant har ikkje gått som Forberg håpa.
– Dette prosjektet har så langt synt at atten leilegheiter med gode fasilitetar, god kvalitet og ei fantastisk utsikt ikkje har freista nok.
Artikkelen held fram under biletet

Ser på moglegheiter for å redusera kostnadane
Det er tolv leilegheiter med to soverom, arealet for desse er på 64 kvadratmeter når det kjem til primærrom og 83 kvadratmeter brottoareal. Terrassen på desse er 13,6 kvadratmeter. Her startar prisane på 2,89 millionar for dei fire i 1. etasje, så stig prisane med 100 000 for kvar etasje ein går opp.
På kvar av sidene blir det to større leilegheiter med tre soverom kvar - altså seks leilegheiter i denne storleiken totalt. Her er det 92 kvadratmeter primærrom og 125 kvadratmeter bruttoareal. For desse største leilegheitene er prisen 4,09 millionar i 1. etasje, 4,2 millionar i 2.etasje og 4,4 millionar i 3. etasje.
– Grunnlagsinvesteringane, underetasjen med innvendige parkeringsplassar og heis påverkar salsprisen i stor grad. Her vil me gjera det me kan for å få redusert kostnadene. Det er likevel dei anboda me får inn på dette arbeidet som vil seia noko om det er mogeleg å spare inn noko her. Tomteområdet er bratt og det er utan tvil beste løysing å få lagt parkeringa under bakken, seier Forberg.
Sparar byggelånsrenter
I det heile undrar Forberg seg over at salet har gått såpass tregt.
– Prosjektet er etter vårt syn eit godt prosjekt, med mange kvalitetar som berre dette prosjektet vil innehalde. Kunden får ein nøkkelferdig leilegheit med garasje og heis for tre millionar, og på toppen ei fantastisk utsikt. Kva meir kan ein huskjøpar forventa?
Artikkelen held fram under biletet

Han minner også om at måten det er lagt opp med betaling gjer at kjøparane sparar pengar i høve kva som er mest vanlege betalingsmodell:
– Ved å kjøpa ei leilegheit sparar også kunden byggelånsrenter i byggeperioden, slik betalinga er lagt opp frå utbyggjar. Denne summen i sparte byggelånsrenter vil utgjera frå 100.000 til 200.000 kroner over tolv månader alt etter storleiken på lånet.
Utbyggingsselskapet hadde møte torsdag for å jobbe vidare med alternative og gode løysingar på dette prosjektet.
– Ei løysing kan vere å inngå samarbeid med eit burettslag og på den måten få redusert kravet til eigenkapital til den enkelte kjøpar. Dette har vore gjort med stor suksess andre plassar i landet.
– Interessa for prosjektet er framleis stor og utbyggjar håpar å koma fram med løysingar som gjer at kundane får realisert bustaddraumen sin, seier Forberg.