KRAV: Informasjonskomitéen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger ber Fred. Olsen Renewables om at dei trekkjer si melding til NVE om Høyangerfjell vindkraftverk.
KRAV: Informasjonskomitéen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger ber Fred. Olsen Renewables om at dei trekkjer si melding til NVE om Høyangerfjell vindkraftverk. (Illustrasjonsfoto: Foto: Flickr/ Danny Howard)

MEININGAR

Trekk meldinga, Fred. Olsen!

Informasjonskomitéen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger skriv at Fred Olsen Renewables ikkje bryr seg om den demokratiske prosessen som gjev kommunar og organisasjonar rett til å uttale seg om vindkraft.

Meiningar: Vindkraftselskapet Fred Olsen Renewables (heretter FOR) bryr seg ikkje om den demokratiske prosessen som gjev kommunar og organisasjonar rett til å uttale seg om vindkraft.  

NVE la 1. april fram forslag til nasjonal ramme for vindkraft, der 13 områder i landet var peika ut som ”mest egnede” for vindkraft. Område 19 dekkjer delar av Sunnfjord og ytre Sogn. Kommunar, organisasjonar og innbyggjarar har ein høyringsfrist fram til 1. oktober på  denne ramma. Deretter skal Olje- og energidepartementer behandle høyringssvara, og ta avgjerd vedr nasjonal ramme for vindkraft. 

Utan respekt for denne demokratiske prosessen, eller for den lokale og regionale medverkinga som NVE har sagt skal leggast til grunn, sender FOR den 10. September melding om utbygging av Høyangerfjell vindkraftverk  til NVE. Høyangerfjell vindkraftverk, er plassert i fjella mellom Høyanger og Gaular. 

NVE har skrive at dei ikkje vil behandle meldingar om utbygging før nasjonal ramme er fastsett.  FOR kunne difor venta med meldinga. Rett og slett fordi meldinga ikkje vil bli behandla på lenge, og av respekt for demokratiet. FOR går med dette utanom ein demokratisk prosess. Det er ein snarveg for å vinne tid, på bekostning av kommunal og lokal råderett.

Informasjonskomitéen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger arbeider for å bevare naturlandskap, miljø, friluftsliv og allemannsrett i våre kommunar.  

Vi har derfor i brev til Fred. Olsen Renewables bedt om at dei trekkjer si melding til NVE om Høyangerfjell vindkraftverk. Kommunal og lokal råderett, og ein demokratisk prosess, må vege tyngre enn bedriftsøkonomisk hastverk.















Til toppen