BESKYTT STOFFET: Minnie Staaf skal bruke ekstra stoff som beskytting på armlena. Med slike enkle triks hindrar ein slitasje. FOTO: Fredrik Sandberg / TT
BESKYTT STOFFET: Minnie Staaf skal bruke ekstra stoff som beskytting på armlena. Med slike enkle triks hindrar ein slitasje. FOTO: Fredrik Sandberg / TT

Trekk om loppisfunna

Plutseleg ser du draumelenestolen. Problemet er berre at han har både hol og flekker. Løysinga vert kalla møbeltapetsering!

  • Endret


Når du jaktar på lopper, står du før eller sidan overfor eit kupp som «berre» krev litt kjærleg omtanke for å komme til sin rett. Nytt stoff og litt skumgummi kostar jo ikkje så mykje, så det bør vere lett match. Eller?

Artikkelen held fram under biletet.

GODE RÅD: Møbeltapetserar Minnie Staaf gir råd om korleis ein best kan trekke om og restaurere gamle møblar.
GODE RÅD: Møbeltapetserar Minnie Staaf gir råd om korleis ein best kan trekke om og restaurere gamle møblar.

Minnie Staaf driv verksstad og innreiingsbutikk, og vart frelst med ein gong då ho tok eit kurs i møbeltapetsering.
– Eg var allereie biten av loppisbasillen, og det verka som ein lur design-snarveg å fikse opp slitne møblar ved hjelp av fine stoff. Eg innsåg derimot at ja, ein liten krakk går nokså raskt og enkelt, men det krev mykje tid og krefter å få i stand større møblar.

I dag vel ho bort dei aller mest slitne møblane når ho er på loppejakt. Ho meiner det ikkje blir kostnadsmessig forsvarleg, verken når det gjeld arbeidstid eller reine utgifter.
– Det kan sjølvsagt vere hyggeleg å vite at du har redda eit møbel frå fyllinga, men personleg vel eg heller eit loppemarknadsmøbel til 500 kroner enn til 50.

Stadig utfordrande

For Staaf starta det heile med eit kveldskurs som gav meirsmak og førte til vidareutdanning på Craft Academy i Stockholm. Ho lagde deretter ein nettstad der ho viste fram arbeidet sitt, og plutseleg hadde ho kundar nok til å opne ein liten butikk. I dag har ho eit større lokale og ein eigen tilsett møbeltapetserar.
– Eg har innsett at ingenting går på rutine når ein driv med møbelomtrekking. Det går ikkje å tenkje at «no kan eg dette», for ein vil alltid støyte på eit vanskeleg møbel, med merkverdig design eller utradisjonelle materialar. Ein stor del av jobben handlar om problemløysing, seier Staaf.

Billig er dyrt

Ho trekker ikkje berre om møblar, men gjer også lettare møbelsnikring. Til meir avanserte oppdrag, der det må erstattast ekstra viktige og synlege delar, brukar ho spesialsnikkar. Hun har også lært at det sjeldan finst snarvegar når det gjeld arbeidet med møblar.
– Ofte kjem det inn ein kunde som vil ha hjelp til omtrekking, men ønskjer å spare pengar ved for eksempel å velje ein billigare stofftype enn møbelstoff. Men det er ikkje verdt pengane arbeidet kostar, dersom møbelet ser like slite ut om eitt år. Eg anbefaler heller kunden å vente til ho eller han har pengar til eit godt materiale, seier ho.

Kjenn etter

NØDVENDIG: Reiskapane er viktige. Måleband og ei god saks vert mest brukt.
NØDVENDIG: Reiskapane er viktige. Måleband og ei god saks vert mest brukt.

Kor store prosjekt skal ein våge seg på sjølv, og når skal ein heller leige inn ein proff? Ifølgje Staaf er det viktig å kjenne etter kva for eit ambisjonsnivå ein ønskjer å leggje seg på. Er ein praktisk orientert og sta, og kanskje også villig til å ta eit kurs, kan ein tenkje stort. Går ein fort lei, er det best å starte i det små.
– Og så bør du sjå opp for dårleg polstring. Noko som nesten er håplaust å redde på eiga hand, er oppbindinga av fjør som finst i tradisjonelle stoppingar – slike må ein levere inn.

Men til og med vanlege skumgummistoppingar blir ofte betydeleg dyrare enn ein trur dersom skumgummien har tørka og må bytast. Sjekk møblane nøye, for det er uansett både vanskeleg og dyrt å byggje opp skikkeleg polstring viss du aldri har gjort det før, seier ho.

Til toppen