STILLER LIKEVEL: Johannes Einemo trekk seg ikkje som ordførarkandidat, likevel.
STILLER LIKEVEL: Johannes Einemo trekk seg ikkje som ordførarkandidat, likevel. (Foto: Arkiv)

Trekk seg ikkje som ordførarkandidat likevel

Tysdag kom beskjeden om at Lærdal Høgre sin ordførarkandidat trakk seg. Så kom kontrabeskjeden.

Lærdal: Høgre Vestland varsla tidlegare denne veka at Einemo trakk seg som ordførarkandidat for Lærdal Høgre.

Onsdag skreiv Sogn Avis at det var fordi han vert etterforska for ein påstått valdshending i sommar, der han var mistenkt for lekamskrenking og frihetsberøvelse. 

På kvelden melde NRK at Einemo ikkje trekkjer seg likevel, men at han går ut i permisjon medan etterforskinga går føre seg. 

Det var Einemo sin forsvarsadvokat, Louis Anda, som formidla vidare avgjerda.

– Det er ikkje tatt stilling til om han trekker seg eller ikkje. Det kan ha stått fram frå Høgre sentralt at min klient vil trekkje seg, men dette er ikkje avklart enda, sa han til NRK

Til toppen