Lærdal: Vestland Høgre publiserte tysdag kveld ei pressemelding der det kom fram at Johannes Einemo trekkjer seg som ordførarkandidat for Lærdal Høgre.
Fylkessekretær Karsten H. Sprenger opplyste til NRK onsdag morgon at Einemo trekkjer seg av personlege grunnar.
I dag kjem det fram at han vert etterforska for ein påstått valdshending, skriv Sogn Avis. Hendinga skal ha skjedd under Kom Heimatt, eit arrangement som gjekk føre seg på Lærdalsøren hotell, som Einemo eig.
– Dette er blitt hausa kraftig opp, sa Einemo til avisa.
Politiinspektør Ronny Iden seier følgjande til Porten.no:
– Eg kan stadfeste at me etterforskar ein hending i midten av juli for legemsfornærmelse og friheitsberøvelse. Me har avhøyrt ein mistenkt og nokre vitner i forbindelse med det, seier Iden.
Han seier han ikkje kan stadfeste eller opplysa om namn på dette tidspunktet.
- Les òg: Einemo er Lærdal Høgre sin ordførarkandidat
- Les òg: Trekk seg ikkje som ordførarkandidat likevel
Vil finna erstattar
Til NRK seier Sprenger at partiet snart koma opp med ein ny ordførarkandidat.
Kathrine Njåstad Blaaflat er på andreplass og Frøydis Helland er på tredje. Her er heile lista.