FEKK SPELET IGJEN: Tom Karlsrud frykta at han aldri ville sjå trekkspelet sitt att. Men litt over ei veke etter at det vart stole dukka det opp att.
FEKK SPELET IGJEN: Tom Karlsrud frykta at han aldri ville sjå trekkspelet sitt att. Men litt over ei veke etter at det vart stole dukka det opp att.

Trekkspelet vart funne att på dynga: – Hadde nok litt høg puls

Trekkspelet til Tom Karlsrud vart funne dumpa i ein open container. No har han fått det tilbake.

Lærdal: Det er om lag ei veke sidan det spesialbygde trekkspelet vart stole frå Tom Karlsrud sin turnebuss. Bussen sto parkert i Stavanger, etter ein konsert med Gjertruds sigøynerorkester.

For nokre dagar sidan vart spelet funne på ein avfallsplass i nærleiken.

– Mannen som fann spelet trudde det kunne vera mitt. Han hadde lese om tjuveriet i media, og ga difor beskjed til Politiet, som deretter kontakta meg, seier ein glad og letta Karlsrud til Porten.no.

Nekta å ta mot finnarløn

SJELDAN: Trekkspelet er av det italienske merket Castagnari og kostar 80.000 nytt.

Han er veldig takknemleg til mannen som fann trekkspelet.

– Eg tilbaud han finnarløn, men det ville han ikkje høyra snakk om, fortel Karlsrud.

Musikaren var sjølvsagt spent på kva tilstand instrumentet var i.

– Eg hadde nok litt høg puls då eg opna pakken, men heldigvis var det ikkje herpa. Litt justering, og nokre små kosmetiske feil må rettast før spelet vert hundre prosent i orden att, seier Karlsrud.

Stor merksemd

Heldigvis var det ikkje nedbør medan spelet låg ute, i så fall hadde det vore totalt ødelagt – og avfallscontaineren vore rett plass.

– Det hadde rett og slett vore krise, i alle fall ville det gått 5-6 månader før eit nytt hadde vore på plass, seier Karlsrud.

At trekkspelet enda på søppeldynga, meiner han skuldast merksemd saka fekk i aviser og ved deling i sosiale media.

– Sjansen for få selt det utan å bli avslørt var difor ganske stor, seier Karlsrud.

Takksam for all sympati og helsingar han har fått. No er han berre glad for at medspelaren hans er tilbake, i god stand.

Til toppen