NY RUNDE: Rådmann Alf Olsen jr. (t.v.) påpeikte at grunnen for at saka om turlagpengane vart trekt i kommunestyret torsdag var at ein skal gå grundigare gjennom saksgangen med Deloitte. Ordførar Jan Geir Solheim til høgre. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NY RUNDE: Rådmann Alf Olsen jr. (t.v.) påpeikte at grunnen for at saka om turlagpengane vart trekt i kommunestyret torsdag var at ein skal gå grundigare gjennom saksgangen med Deloitte. Ordførar Jan Geir Solheim til høgre. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Trekte saka om turlagspengane

Dei vel 210 000 kronene som kontrollutvalet meinte Lærdal turlag må betala tilbake til kommunen, stod på sakskartet til torsdagens kommunestyremøte. Men saka vart trekt.

Lærdal: – Kontrollutvalet bestilte utgreiing frå Deloitte og fekk tilbake utgreiinga frå dei. Men så har ikkje Deloitte vore i direkte kontakt med dei som handsama denne utbetalinga i administrasjonen i kommunen. Det kan gjera at noko er misforstått eller har vorte feil her. Så me vil gå inn i detaljane for å vera trygge på at dette blir forstått på rett måte. Om kontrollutvalet vil endra innstillinga si etter det som kjem fram etter denne runden, blir opptil dei, forklarar rådmann Alf Olsen jr.

Les også: Kontrollutvalet meiner turlaget må betala pengane tilbake

Kristen Olav Grøttebø (Ap) var nøgd med at saka får meir tid.

– Eg er glad for at saka vart trekt, noko som viser at det me gjekk inn for på sist kommunestyremøte – å utsetja saka då – var rett.

Les også: Setteordføraren si dobbelstemme gjorde at skiltsaka vart utsett

– Alvorleg

Samstundes er han ikkje imponert over Jan Geir Solheim sine uttalingar til Sogn Avis om at denne saka er «ein detalj», noko ordføraren sa etter kontrollutvalet si handsaming.

– Eg er forundra over at vår fremste tillitsvalde seier det slik; eg meiner dette er den mest alvorlege saka kontrollutvalet har hatt. 

Ordførar Jan Geir Solheim presiserer at dei vel 210 000 kronene aldri har vore kommunale pengar, og forklarar uttalinga slik:

– Det er ein liten detalj at det ikkje har stått ei linje i eit vedtak, og det var så klart uheldig. Men det viktige for meg er at pengane har vorte brukt til det dei skulle brukast til, nemleg merking av turstiar i Lærdal; det var poenget mitt.

Til toppen