Trenar Ivan Øy etter tapet: – No ser det heilt mørkt ut

Trenar Ivan Øy etter tapet: – No ser det heilt mørkt ut

Knapt nok teorien kan berge Årdal etter tapet mot Valdres i dag.

Årdal FK - Valdres

ÅFK hadde høgt press på Valdres heile kampen, men det heldt ikkje til siger. 
Det var ein sjanserik kamp for begge laga, med mykje godt spel. Det var ÅFK som hadde overtaket i fyrste omgang. Det vart dømt straffe i favør ÅFK 23 minutt inn i fyrste omgang. Resten av omgangen var prega av mykje bra spel fra begge laga. 

I starten av andre omgang fortsette ÅFK å legge høgt press på Valdres, men Niklas Stenquist utliknar 63 minutt inn i kampen, 1-1.

– No ser det heilt mørkt ut, seier Ivan Øy etter kampen.

Til stor frustrasjon for ÅFK spelarane scora Valdres igjen etter 80 minutt ved Mark Doninger. Tap 1-2  betyr at Årdal må sjå langt etter fornya kontrakt i divisjonen.

– Det er liten teoretisk sjanse men det ser ikkje bra ut, seier Øy.

Fjøra - Herd

Fjøra spelte i dag på Fosshaugane Campus mot Herd. Kampen gjekk bra for Fjøra, som tok leiinga allereie 11 minutt inn i fyrste omgang. 

 – Me spelte mykje bedre enn sist, seier fjøratrenar Håvard Hatle.

Fyrste omgang var prega av godt spel av Fjøra. Det andre målet kom etter 35 minutt ved Mathias Flo. 

– Det ser bra ut framover, men me treng å vinne to kampar til for å vere trygge. 

Andre omgang vart tøff for begge laga da Herd scora ved Halvorsen 57 minutt inn i kampen. Fjøra svara etter 73 minuttar då Mathias Flo banka ballen i krysset frå død vinkel. Tredje målet i andre omgang kom 75 minutt inn i kampen da Patrik Dønheim Hjelmeseth scora. 

– Me ligg bra an, seier Hatle. 

Til toppen