SPENT: Årdal FK trenar Ivan Øy er spent på kva lag som møter laurdag ettermiddag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
SPENT: Årdal FK trenar Ivan Øy er spent på kva lag som møter laurdag ettermiddag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Trenar: – Karane er innstilte på å vinna

Klokka 16.00 møter Årdal FK Lillestrøm 2 på heimebane i Øvre Årdal.

Årdal: Fotballspelarane hadde ei god treningsøkt i går og har førebudd seg heile veka på det laget dei trur dei kjem til å møte laurdag ettermidag.

– Me skal fokusera på det me er gode på og retta opp i det me ikkje er fullt så nøgde med, seier trenar Ivan Øy.

Les også: Bli kjend med Årdal sine motstandarar i avdeling 3

Trenaren trur det blir ein spennande kamp og er spent på kva lag Lillestrøm 2 kjem til å stille med.

– Det kan variera. Kanskje dei hentar inn folk frå førstelaget, seier han.

Bygga opp forsvaret

Årdal FK gjennomb gjennombrotssterke og gode på kontringar. Dette har dei synt i dei førre kampane sine denne sesongen. 

– Me har bra fart i løpa våre og no byrjar me å få det bra til i forsvar også. No ser me igjen konturane av det me hadde i fjor haust Spesielt dei to siste kampane våre har me sett dette, seier Øy.

Han meiner det ligg eit kollektivt ansvar å få i gong spelet allereie frå første sekund kampen er i gong.

– Nokre gonger er me ligg treige i starten. Me satsar på at dei periodane no er over, seier han.

Vunne to på rad

Årdalsspelarane har vunne dei to siste kampane sine, seinast mot Jevnaker på bortebane. Før det, klinka dei inn 10 mål på heimebane mot fotballaget Sander.

– I desse kampane har me gjort det me er gode på. Karane er innstilt på å reisa ut på bana og visa at dei er like gode i dag som dei har vore dei førre kampane. Om me greier å melde oss på denne trenden, så vise me at me helde oss der oppe, seier Øy.

Eirik Rode er tilbake for fullt etter at han i fleire veker sleit med eit mystisk magevirus. Vegard Bukve fekk ein smell i tåa på tordag, som ifølgje trenaren ikkje såg så altfor bra ut på treninga fredag.

– Me har nokre småskadar på laget, så eg har ikkje heilt oversikt kven som stiller i morgon. Truls Hovland er heller ikkje heilt god i den eine skuldera. Forhåpentlegvis kviknar dei til kampen, avsluttar Øy.

Til toppen