TRENING: Årdal FK trenar Ivan Øy har trua på at årdalslaget kan ta seg vidare i årets NM Cup. Foto: Arkiv.
TRENING: Årdal FK trenar Ivan Øy har trua på at årdalslaget kan ta seg vidare i årets NM Cup. Foto: Arkiv.

Trenar seg opp til kvalifisering i NM

Fotballspelarane i Årdal har hatt ei travel veke med tre treningskampar på to dagar. 

På laurdag spelte fyrste og andre laget til Årdal FK kvar sin treningskamp mot fotballklubben Fron Fotball frå Vinstra i Gudbrandsdalen. 

Her tok heimelaget Årdal to strake sigarar. Onsdagen før gjekk det ikkje like bra, då samarbeidslaget i 5. divisjon møtte Syril. Då tapte årdølene 4-2. 

Mest mogleg trening 

- Det var mange av spelarane som normalt ikkje får prøva seg, som spelte på onsdag. For oss er det om å gjere å gi desse spelarane mest mogleg trening, seier trenar Ivan Øy til Porten.no. 

Fyrstelaget til Årdal vann 13-1 mot gudbrandsdølane, medan andrelaget slo gjestene 10-1.

Dei to kampane har vore planlagte i over eit halvt år. 

- Vi vart fortalt at dei mangla ein del viktige spelarar og ønska å gi kamptrening til dei ferskaste spelarane. Dette var ein av dei fyrste kampane deira, seier Øy. 

På slutten av sesongen i fjor låg Fron under streken i fjerdedivisjon og stod i fare for nedrykk, men sette inn ein sluttspurt i dei to siste kampane som sikra ny kontrakt, skriv Årdal FK på sine heimesider. 

- Når eit lag byrjar å leda mykje, blir det dobbelt så stor avstand mellom laga. Det eine laget gir opp, medan det andre ønskjer å vinne endå meir. Dette var trenden i begge kampane, seier Øy.

Fyrste kvalifiseringsrunde i NM-Cup

Sesongen for 3. og 5. divisjonslaget til Årdal startar 9. april. Men før den tid, skal Årdal FK spela fyrste kvalifiseringsrunde i NM-cupen for menn mot Arna-Bjørnar.  

- Den fyrste obligatoriske kampen skal spelast før 16. mars, men sidan det er mykje stengde vegar og tunnelarbeid mellom oss og dei, trur eg at kampen mest truleg blir spelt ei helg. Planen er at den skal spelast fyrstkommande laurdag, seier Øy. 

Om Årdal FK vinn kampen, går dei vidare til kvalifiseringsrunde nummer to. 

- Dersom vi vinn begge kvalifiseringskampane er vi klare for NM Cup. Slik det ser ut no, så har eg trua på at vi skal klare oss. Då får vi også moglegheita til å møta lag litt høgare oppe i divisjonane, seier Øy. 

Ny divisjon på Austlandet

Etter årets møte på fotballtinget vart det bestemt at det nye divisjonssystemet skulle starta opp allereie i år. Det vil føra til at ingen lag i 3 divisjon (nivå 4) rykker opp i denne sesongen. Det blir dei fire beste i kvar avdeling, samt dei åtte beste femmarane som overlever på fjerde nivå.

Les også: Endring i seriesystem får konsekvensar for 3.divisjon

- Det er ein nykomponert divisjon. Eg har snakka med forskjellige trenarar som har spelt mot dei laga vi no kjem til å møta i det nye divisjonen på Austlandet og fått litt informasjon om kven vi kjem til å møta, seier Øy. 

Konsekvensane av det nye systemet vil årdølene fyrst merka til neste år. 

- Det spissa seg litt ekstra for dei laga som har ambisjonar om å halda seg blant dei fire beste laga. Årdal FK vil vinna kvar einaste kamp vi spelar, så får vi sjå kvar vi landar. Vi tek steget om vi ser vi er gode nok og vi legg oss ikkje bakpå om vi hamnar i ein lokal serie til neste år, seier Øy, 

Til toppen