Fjøra-Tornado Måløy: 3-1
I seriepremieren tok opprykksfavoritt Fjøra med seg alle tre poenga, etter skåringar av Espen Outzen, Morten Knutsen og Malvin Gjerde. Trenar Knut Almås var likevel ikkje heilt nøgd.
– Det er veldig viktig å få tre poeng frå start av. Men i dag manglar me rytmen og me slit lenge. Me må opp i både presisjon og kvalitet, det me presterte i dag er ikkje godt nok.
Florø-kampen kosta
– Kva seier det då at de likevel vinn komfortabelt?
– Det viser styrke, men viss me møter eit betre lag så held det ikkje. Me må vera påskrudde heile vegen skal me vera med heilt oppe i toppen.
Seriepremieren kom berre tre dagar etter at Fjøra nesten detonerte ei cupbombe mot Florø. Fjøra leia 2-1 eitt minutt før slutt, men slapp inn etter ein diskutabel straffe.
Dermed vart ekstraomgangar, der Florø igjen avgjorde i siste speleminutt. På bana låg utslitne Fjøra-spelarar strødde. Omtrent halvparten av dei hadde slite med krampar i store delar av ekstraomgangane.
Ny baklengs på tampen
– Klart at det hadde mykje å seia i dag, ein slik kamp den kosta, seier Almås, som gjorde fire bytte frå laget som starta mot Florø.
I dag slapp dei igjen inn eit mål heilt på tampen. Almås nektar for at det er ein trend som vil fortsetta.
– Når me møter topplag, så vil dei ofte greia å få den avgjerande skåringa på slutten. Den i dag er unødvendig, det er ikkje akseptabelt i det heile tatt, seier han.