Sogndal: Begge valde å takke for seg etter eit møte med klubben måndag, skriv Sogn Avis.
Fjøra har ikkje vunne sidan serieopninga og ligg sist på tabellen i 3. divisjon. Likevel skal ikkje den sportslege nedturen vere hovudårsaka til den dramatiske avgjerda.
– Det er einskilde sentrale personar i Fjøra Fotballklubb som motarbeidar meg og då er det umogleg for meg å halda fram som trenar, seier Hatle til avisa, utan å utdjupe kva han meiner.
Les også: Han trenar Norges minste lag, men fryktar ikkje bank frå dei store
Heller ikkje til Porten.no vil Hatle gje døme på kva som har gjort at han føler seg motarbeida.
– Eg er ikkje bitter, men vi er blitt einige om å vere ueinige. Eg trur det er best å late det vere med det, seier Hatle.
– For meg er det umogleg å prøve å skape noko, så lenge eg føler det er sentrale personar i fjøramiljøet som motarbeider meg. Då tenkjer eg det er best å skille lag. Samstundes ønskjer eg både klubben og spelarane lykke til vidare og håpar at dei får det som dei vil og at dei greier å snu det.
– Eg har ambisjonar som trenar, men no trur eg det er best å ta litt fri og få ting litt på avstand. Så blir nok dette her òg brukt til noko positivit, skal du sjå.
Styreleiar Tom Wolff Navarsete i Fjøra ønskjer ikkje å kommentare årsaka til at dei to valde å trekke seg.
– Jobben som sportsleg leiar får me ta på dugnad førebels. Sondre Skrede (assistentrenar journ. anm.) vil vere trenar ut vårsesongen, så vil me bruke tida framover til å sondere terrenget. Eg reknar med det meste vil vere på plass innan nokre veker, seier han.