HAR FRAMLEIS TRUA: Lærdølen Øystein Lindesteg Rinde er inne i sitt andre år som trenar for kaupangerdamene. Han har framleis trua på opprykk, sjølv om starten på sesongen har vore langt frå knirkefri.
HAR FRAMLEIS TRUA: Lærdølen Øystein Lindesteg Rinde er inne i sitt andre år som trenar for kaupangerdamene. Han har framleis trua på opprykk, sjølv om starten på sesongen har vore langt frå knirkefri. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Trenaren håper dei snart er attende på vinnarsporet: – Må blø for poenga

Kaupangerdamene vann første kampen for sesongen komfortabelt 3-0. Deretter har det blitt tre tap, eitt av dei i cupen, og ein uavgjort. Det er ikkje godt nok for eit lag med ambisjonar om å kjempe om opprykk. 

– Det  har gått litt trått, det har det, vedgår trenar Rinde. 

– Må blø for poenga

Skadar og sjukdom på sentrale spelarar, blant dei årets spelar i fjor Rebekka Skaasheim, har ikkje gjort situasjonen lettare. Andre har vore opptekne med EM for jenter under 17. Det har gjort at trenaren har blitt tvinga til å stokke om på laget frå kamp til kamp.

– Samstundes er vi veldig unge. Det blir mykje ansvar tidleg på ein del spelarar, seier Rinde.

Nettopp det har vore noko laget har jobba med i det siste, å få dei yngste til å ta ansvaret i fråveret av dei meir etablerte.

– Det er dei som spelar, det er ikkje nokon andre. Dei må vilja det sjølve. Det må vere ein indre driv til å ta ut dei siste prosentane. For det er det du vinn på. Du må blø for poenga, seier Rinde.

Målet er framleis opprykk

Laget er snart ferdig med eit etterlengta to vekers pusterom på terminlista. På laurdag brakar det laus att, med bortekamp mot Fyllingsdalen.

–  Me skal spela vårt spel og trøkka til. Me gler oss til den kampen. Det var greitt å ha pause, men det skal bli godt å koma i gong att. Då har me forhåpentlegvis ein fire-fem spelarar tilbake, seier Rinde.

Helst bør det bli siger, om ambisjonen skal vere å kjempe i toppen. Samstundes veit trenaren at mykje kan endre seg i løpet av sommaren og hausten. Med mange unge spelarar i stallen er faren alltid stor for at ein del av dei forsvinn når skule- og studieåret startar. 

–  Viss me mister mange, så må me kanskje justera ambisjonane noko. Men eg trur me skal greia å nå målet vårt, seier Rinde.

Til toppen