Treng 650 000 kroner for å flytta på tenester

Treng 650 000 kroner for å flytta på tenester

Det er eit investeringsbehov på 650 000 kroner for å mellombels leggja ned AD-bustadane og flytta tenestene til Åbo.

Tilbake i oktober vedtok kommunestyret mellombels å leggje ned AD-bustadane i Øvstetunshagen i Øvre Årdal for å spara 3,3 millionar kroner. 

Ei avvikling vil innebera at kommunen får ein meir effektiv struktur av sjukeheimane. To av pasientane har klaga vedtaket inn for fylkesmannen, medan resten har flytta inn på ein annan sjukeheim i Årdal. 

I dag vert dei ledige plassane på AD-bustadane nytta til korttid, avlastning og dagtilbod. I vedtaket frå oktober er det bestemt at AD-bustadane ikkje kan nyttast til anna enn omsorgsteneste. 

Flytting av tenester

STILTE SPØRSMÅL: Aleksander Øren Heen (Sp) stilte spørsmål ved kor mykje som står att på det ubundne kapitalfondet etter tiltaka.
STILTE SPØRSMÅL: Aleksander Øren Heen (Sp) stilte spørsmål ved kor mykje som står att på det ubundne kapitalfondet etter tiltaka.

På Åbo skal ein fløy i 2. etasje mot Hestetun gartneri takast i bruk til korttidsplassar, rehabilitering og terminalpleie. Fysioterapitenesta og ergoterapitenesta, som i dag finst på Årdal sjukeheim, vert flytta inn i ein omsorgsbustad i same fløy. 

LES OGSÅ: Vil spara millionar ved å leggje ned AD-bustadane

Arealet som dermed blir frigjort på Årdal sjukeheim blir nytta som dagtilbod til demente. 

Summen av desse endringane vil kosta kommunen 650 000 kroner fordelt på IKT, inventar og anna medisinsk utstyr og ombygging. Desse pengane skal hentast frå det ubundne kapitalfondet til Årdal kommune – det same fondet som vert nytta til arbeidet med helsehuset.

Stilte spørsmål ved tala

– Eg meiner dette er eit godt prosjekt, og eg trur det er lurt å samla alt på Åbo når det er på plass. Men eg har eit par spørsmål, og det går på bruk av ubundne kapitalfond. Eg lurer på kor mykje som er att av dette viss ein tenker fram i tid. Det synest eg burde koma fram i ei slik sak, sa Aleksander Øren Heen (Sp) i formannskapsmøtet tysdag førre veka.

LES OGSÅ: Røysta for ei mellombels nedleggjing av AD-bustadane

Det skal han få svar på til kommunestyremøtet torsdag denne veka. Heen lurte også på korleis situasjonen var rundt naudstraumsaggregat. I dag har Åbo verken tilknytningspunkt for slikt eller eige aggregat. 

– Eg har tatt det vidare til brannsjefen vår, og han har kontakta Årdal Energi og fått prisar på alternative løysingar. Me må få laga ein plan og oversikt over kva me skal gjera. Det finst naudstraumsaggregat me kan bruka på Åbo, men me har ikkje tilknytningspunkt, så eg har bedt om prisar på dette, men har ikkje fått svar enno, opplyste kommunalsjef Rigmor Svanberg.

Prisane på dette håpte ho å ha klart til kommunestyremøtet. 

Formannskapet vedtok tilrådinga frå rådmann, som er at dette vert finansiert, men det er kommunestyret som har siste ord i saka.

Til toppen