MANGFALD: Janne Merete Bøyum etterlyser meir dialektmangfald.
MANGFALD: Janne Merete Bøyum etterlyser meir dialektmangfald. (Foto: Privat.)

KVARDAGSKJENSLA

Treng de egentle ondetekst førr å forstao oss?

Det er ingen som går etter deg og tekstar det dei lokale snakkar om, seier Janne Merete Bøyum. TV 2 tekstar dei krevjande dialektane, men kva når du du sjølv må flytte til bygda og ikkje skjønar noko ting?

No er Sogndal fylt opp med studentar frå alle kantar av landet. Å flytta til eit lite lokalsamfunn er kanskje ikkje alltid like lett. I alle fall om du ikkje kjenner til dialekta. 

Og korleis kan du læra det når sosiale medium og TV sensurerer det vekk?

Ei grunngjeving frå TV 2 var at austlendingar kan forstå dialekt på TV om dei vil, men dei er for late. Difor må dei tekste dei mest krevjande dialektane. Ein av deltakarane som fekk spesielt mykje merksemd på Farmen Kjendis 2017 på grunn av dette, var Leif-Einar Lothe, betre kjent som «Lothepus».

Han var den einaste deltakaren på programmet som blei teksta.

Lat oss sjå vekk frå at det er diskriminerande å berre teksta éin person på grunn av ei litt meir krevjande dialekt. Og at TV 2 meiner at austlendingar er for late. Men har du tenkt på at TV 2 gjer deg ei bjørneteneste? Ja, du forstår kanskje kva han seier no på TV. Men kva om du flyttar til Odda, der Lothepus er i frå? Eller du er ny student i Sogndal? Eller kva om du kjem i ein situasjon der du må flytta til heimbygdi mi, Fjærland i Sogn?

Både i Odda, i Sogndal og i Fjærland, eller nokon andre plassar for den saks skuld, er det ingen som går etter deg og tekstar det dei lokale seier.

Me tok med ein velkomstpresang. Dei hadde ikkje so stort utval på bui, an e litt snaopen, men da e no nåke.

Nabokjerring i Fjærland

«Keragaorleisn?»

Så sjå for deg at du flyttar til Fjærland, og dei nye naboane lurer på om du kan ha eit kaffeslabberas. «Keragaorleisn?», seier dei når dei kjem inn døra. Dei lure på kvar dei skal hengja opp utapaotrøya. Og om du ikkje har funne fram bidne enno.

«Eg gleda meg ti da verte tøya ute. Me laut gao pao haolska heile vegen hit,» seie nabokjerringi. «Men ingen strøvla på vegen,» legg gubben til. «Heldivis! For eg ha allereie so ildt i knitti. Men so blei eg no øye kalde på nevadn dao.»

«Og me tok med ein velkomstpresang. Dei hadde ikkje so stort utval på bui, an e litt snaopen, men da e no nåke» seier nabokjerringi. «Da va no flaks at du hugsa setlabokji,» seier gubben. «Ja, men leste du døri?» spør kona. «Ja. Eg ga jo deg lykjedl ittepao,» svara mannen.

Dei håpa dei ikkje snakka for mykje, men dei er so øye gilde for å få nye naboar. «Ho kava med denna presangen, og so brukte ho lang tid på å jaola seg til», seier nabomannen om kjerringi si. «Men gubben kom no berre inkoleisn», svara kjerringi. «Flaks han tok på seg nåke ant enn klågga», legg ho til og smiler.

«Da e haonkalaust» 

Vidare i slabberaset fortel kjerringi at gubben har vore so vanskeleg å få has pao i det siste. «Han ha faott eit nytt sett med stjødnejødn, sir du. I jerkvelde kom han ikkje atte til huset før bisk neste dag igjen. Han verte so ofte hefte. Da e haonkalaust.» seier ho.

I jerkvelde kom han ikkje atte til huset før bisk neste dag igjen. Han verte so ofte hefte. Da e haonkalaust.

Kaffeslabberas i Fjærland

Du slår opp i meir kaffi. Ho spør om det er greitt at ho sputa litt. Ho greie ikkje å la vere å nevla med noko. Ho håpar du ikkje verte støyten av det. «Eg har gløymt å tenne lys», seier du. «Her e ei stikkedaosa», seie ho, og sender den til deg. Når ho strekke seg over bordet slår ho ned glaset sitt.

«Ånei, no bodla eg», seie nabokjerringi. «Ha du ei tvoga?» legg ho til. «Fan du bala med? Alltid slek ei bodlabrita du», seier gubben. «Bedre da enn han so tyne vekk alt», svara kjerringi. «Ikkje dryl til meg atte no», seie gubben.

«Hinadegen for eit båshåve. Eg føle meg snåten for ein god ektemann», seier kjerringi til deg. Ho delja til gubben. «Får vel ein voldsom herva når eg kjem heim atte no,» seier han.

Nei, det er ingen undertekstar i verkelegheita, sjølv om ein skulle ønskje det var det for framande dialektar. Men om du skulle vera så heldig å flytta til Fjærland, eller slit litt med å vere ny student i Sogndal, og treng litt hjelp så tar eg gjerne jobben med å fylgje etter deg og omsetje alt dei seier. Då kan du, din late austlending (eller om du er frå ein anna stad), halde fram med å leva eit sutalaust liv utan språklege vanskar.

Men eg skal sjølvsagt ha bra betalt.

Til toppen