NYTT STUDIUM: Høgskulen i Sogn og Fjordane - frå neste skuleår ein del av Høgskulen på Vestlandet - ser ut til å få ei ny næringsretta IT-utdanning på bachelornivå, skriv assisterande fylkesmann Gunnar O- Hæreid på fylkesamnnsbloggen. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun 
NYTT STUDIUM: Høgskulen i Sogn og Fjordane - frå neste skuleår ein del av Høgskulen på Vestlandet - ser ut til å få ei ny næringsretta IT-utdanning på bachelornivå, skriv assisterande fylkesmann Gunnar O- Hæreid på fylkesamnnsbloggen. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun 

– Treng ei næringsretta IT-utdanning for å vera "framtidsfylke"

Og no ser ei slik utdanning til å koma.

Sogndal: – IT-forum Sogn og Fjordane sende i slutten av august eit notat til Høgskulen i Sogn og Fjordane med førespurnad om å oppretta ein studieplankomite, som altså skal laga ein studieplan for eit nytt bachelorstudium for næringsretta IT. Initiativet har møtt stor velvilje i fylket, skriv assisterande fylkesmann, Gunnar O Hæreid, på fylkesmannsbloggen.

Ei slik næringsretta IT-utdanning må til for at ein skal leva opp til tilnamnet "Framtidsfylket", skriv Hæreid vidare, og ramsar opp følgjande argument for utdanninga:

– Rekrutterer gode hovud til fylket

  • IT får større og større plass i alt me gjer, både i privatlivet, i næring og i offentleg verksemd
  • Studien «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» peikte i 2011 på at IT og digitalisering har størst potensial for verdiskaping i tida framover
  • Sogn og Fjordane ligg frå før langt framme i å bruka IT
  • Høgskulestudium rekrutterer gode hovud til fylket; rundt 40 prosent av studentane på grunnutdanningane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er frå fylket, medan halvparten av dei ferdige kandidatane vert verande i fylket etterpå
  • Stor auke i søknader til IT-studium i landet siste åra
  • Stor vilje frå regjeringa til å satsa på studieplassar innan IT
  • Fleire IT-verksemder rundt om i fylket opplever suksess
  • Mange eksisterande verksemder i fylket treng jamleg å tilsetja personar med IT-kompetanse
  • Verksemder i fylket skal knyta relasjonar med studentane gjennom obligatoriske praksisopphald
  • Utdanning innanfor IT legg til rette for å skapa nye verksemder, som kan liggja kvar som helst.

Tre millionar i stønad

– Høgskulen er positiv, og styret vedtok 29. september å oppretta studieplankomiteen. Stortingsbenken, fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren støttar heilhjarta opp. Like eins har bransjen lova å stilla opp med praksisplassar, førelesingar og kanskje til og med tilskot til studieplassar, skriv Hæreid.

I tillegg har Innovasjon Noreg i to omgangar gjeve stønad til prosjektet med til saman 1,95 millionar kroner, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane så langt har innstilt at prosjektet skal få 1 millionar kroner i stønad.

Til toppen