SENDTE BREV: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sendte nyleg ut eit brev der han oppmodar lokalpolitikarar til å nytta sjansen til å ruste Kommune-Noreg for framtida. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 
SENDTE BREV: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sendte nyleg ut eit brev der han oppmodar lokalpolitikarar til å nytta sjansen til å ruste Kommune-Noreg for framtida. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

– Treng færre og større kommunar

Det er kommunalminister Jan Tore Sanner sin bodskap i eit brev som er sendt ut til kommunane. 

Årdal/Lærdal: Kommunereforma har skapt debatt over heile landet blant både politikarar og folk på gata. Medan nokre stiller seg bak reforma, fryktar andre konsekvensane av ho.

I eit brev som er sendt ut til alle kommunestyre i Noreg peikar kommunal- og moderninseringsminister Jan Tore Sanner på kor viktig det er at dei folkevalde sørgjer for gode barnehagar og skular, gode helse- og omsorgsteneste og attraktive lokalsamfunn. 

Les også: Slik skal dei folkevalde jobba med kommunereforma

Sanner meiner reforma er ein unik sjansen til å diskutera korleis ein kan få dette til i eit framtidsperspektiv. 

– Då treng me færre og større kommunar med sterkare fagmiljø og eit velfungerande lokalt sjølvstyre. Eg håpar at de nyttar denne sjansen til å ruste Kommune-Noreg for framtida, skriv han i brevet.

Vidare går han gjennom dei ulike verktøya og økonomiske støtteordningane departementet tilbyr kommunane i arbeidet med kommunereforma.

Les også: Folkefleirtalet seier nei til kommunesamanslåing

– Arbeidet med kommunereforma inneberer at de som folkevalde har eit ansvar utover det å løyse viktige oppgåver i inneverande periode. Ansvaret handlar om å ruste kommunane for framtida. De har no sjansen til å forma framtidas Kommune-Noreg, seier ministeren.

Nyleg la Telemarksforsking fram ei utgreiing på oppdrag frå Sogn regionråd der dei tar føre seg dei seks alternativa som er aktuelle for denne regionen. 

No er det opp til kommunane å beslutte politisk kva dei ønskjer. Dette skal vera gjort innan 1. juli 2016. 

Til toppen