KULTURVEKE: I juni vert Gla' i Lærdal arrangert for fjerde år på rad, og no treng arrangementet frivillige. Foto: Jan Christian Jerving.
KULTURVEKE: I juni vert Gla' i Lærdal arrangert for fjerde år på rad, og no treng arrangementet frivillige. Foto: Jan Christian Jerving.

Treng frivillige som er glade i Lærdal

For fjerde gong vert Gla' i Lærdal arrangert, men det trengs frivillige. 

Lærdal: I fjor deltok rekordmange barn og unge på kultur- og aktivitetsveka i Lærdal, som har fått namnet Gla' i Lærdal. 

Dette blir det fjerde året ulike lag og foreiningar går saman med oppvekst- og kultur avdelinga i Lærdal kommune om å skape ein skikkeleg «bygdecamp».

– Dette er eit arrangement for barn og unge, og som skal vera gratis for dei som deltek. Det vert ei blanding av historie, kultur og aktivitetar. Det er viktig å bruka heile bugda vår, samt at dette vert ei positiv oppleving for alle som er med, seier Hallvard Thomassen.

– Me vil at me skal vera glad for å bu i Lærdal, stolte over bygda, og at me er glade når me er her. Difor har Gla' i Lærdal fleire betydningar.

I år vert arrangementet arrangert i tidsrommet 19. til 21 juni etter same struktur som tidlegare, men med både nye og gamle aktivitetar.

– Me treng frivillige i alle aldrar til å bidra i gjennomføringa. Hovudoppgåva er å følgja ungane til og frå aktivitetar og generelt vera tilstades. Du treng ikkje å ha eigne ungar tilstades på arrangementet for å vera med, seier Thomassen.

Til toppen