SAMLAR SKATTAR: Vegard Aafedt Bukve (f.v), Synne Lerum Fredheim, Endre Vigdal Øren, Eskil Klingenberg, Olav Nundal, Emma Øren og Andrea Midttun i 2STA. Foto: Ina Eirin Eliassen
SAMLAR SKATTAR: Vegard Aafedt Bukve (f.v), Synne Lerum Fredheim, Endre Vigdal Øren, Eskil Klingenberg, Olav Nundal, Emma Øren og Andrea Midttun i 2STA. Foto: Ina Eirin Eliassen

Treng lopper for å koma seg på skuletur

Har du ei loppe eller fleire å bidra med til loppemarknaden som går til inntekt til skuleturen elevane ved 2STA skal på i Berlin?

Årdal: Sjølv om det framleis er ei stund til loppemarknaden helga 6. til 8. noveber, har alt elevane vore flittige til å samla inn lopper. Dei har fylt opp eitt rom med alt frå møblar, leiker, service til syklar og snowboardsko. Men framleis treng dei fleire skattar. 

Kvart år arrangerer andreåret ved studiespesialiserande (2STA) på Årdal vidaregåande skule loppemarknad. Og i år, som dei to åra før, går pengane til ein studietur til Berlin. 

Dei har som mål å samla inn 120 000 kroner, der loppemarknaden er eitt av fleire prosjekt dette året slik at dei kjem seg nærare målet.

Læring og samarbeid

I Berlin skal dei mellom anna til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, Stasi-fengselet og på turistattraksjonar i slutten av mars. Men dette er ikkje berre ein kosetur, dei er sikre på at dei får med seg nye perspektiv og opplevingar gjennom turen. 

– Eg gler meg. Me har høyrd så mykje bra, så forventingane er høge, seier Synne Lerum Fredheim. 

I tillegg har dei marknadsføring som fag på skulen, som passar godt inn på prosjekt loppemarknad, der alle er nødd å ta i eit tak for at dei skal koma i mål. 

Artikkelen held fram under biletet

TRENG DI HJELP: Bilsete til ungar, tv, møblar, senger og måleri er berre noko av det elevane har fått inn til no. Framleis treng dei fleire lopper til loppemarknadshelga i november.
TRENG DI HJELP: Bilsete til ungar, tv, møblar, senger og måleri er berre noko av det elevane har fått inn til no. Framleis treng dei fleire lopper til loppemarknadshelga i november.

– Det er mykje jobb på ettermiddagane, men så har me også fått inn mykje fint. Noko av det er i tillegg nytt. Det finst så mange fulle loft og no har folk ein moglegheit til å kvitte seg med det dei ikkje treng, seier Endre Vigdal Øren. 

Olav Nundal fortel dei no har stor fokus på korleis dei skal skapa blest for å få ut informasjonen om loppemarknaden. 

– Me lagar mellom anna ein video der me syng, fortel Andrea Midttun.

Få timar etter Porten.no møtte gjengen onsdag var videoen ute på Facebook. Torsdag var hadde den alt hatt kring 4000 visningar. 

– Berre ta kontakt

Kvar torsdag vil dei vera til stades på skulen mellom klokka 18 til 20, slik at du kan levere loppene. Har du ikkje moglegheit til å levere sjølv, har dei også tilråde ein varebil for å hente det du vil gi bort. 

– Den siste veka før loppemarknaden vil me også vera tilstades kvar kveld, fortel Synne. 

Ho seier det berre er å ringe eller å ta kontakt gjennom Facebook-sida. 

Til toppen