TRENG PLASS: Indre Sogn ASVO treng meir plass til vaksenopplæring og har fått løyve til å setja opp ein brakkerigg på området. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRENG PLASS: Indre Sogn ASVO treng meir plass til vaksenopplæring og har fått løyve til å setja opp ein brakkerigg på området. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Treng meir plass til vaksenopplæring

Med sine 210 elevar har vaksenopplæringa vakse ut av lokala til Indre Sogn ASVO.

Difor har ASVO no søkt om dispensasjon frå reguleringsplanen for å få sett opp ein brakkerigg der undervisninga kan finne stad.

– Vaksenopplæringa med sine 210 elevar er viktig. Voksesmertene viser seg no med for lite areal. Dette har tatt lenger tid enn eg hadde håpa på, men no er på plass. Om det er tilstrekkeleg areal, er usikker, men eg trur ikkje mottaket veks utover dei 210 plassane som er i dag. Det er ikkje kome førespurnader frå UDI, forklarte rådmann Olve Fossedal. 

Etter at asylmottaket kom til bygda har vaksenopplæringa føregått i ASVO-bygget på Årdalstangen. Etter at mottaket vart utvida, treng ein også meir undervisningsplass.

Dette er altså tenkt løyst med ein brakkerigg på 221 kvadratmeter som inneheld alle naudsynte fasilitetar. 

Det er allereie trangt om plassen på dette området. Difor måtte det søkjast om dispensasjon frå reguleringsplanen for området. Brakkeriggen er mellombels i to år. Dette sa formannskapet i Årdal ja til.

– Eg er samd i at det ikkje er optimalt, men likevel må me sjå på det positive i tiltaket. Å ha store nok lokale i to år klarar me fint. Eg trur me må verdsette dispensasjonen fordi han gir sjansen for fleire til å få opplæring, sa Hilmar Høl (Ap).

Til toppen