TRENG MEIR: Leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun, har fått inn nokre lopper – som dette måleriet og denne sofaen. Men ho og laget treng mykje meir fram mot loppemarknaden om ein god månad. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TRENG MEIR: Leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun, har fått inn nokre lopper – som dette måleriet og denne sofaen. Men ho og laget treng mykje meir fram mot loppemarknaden om ein god månad. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Treng mykje fleire lopper for å kunne berga mange kattar

Dyrevernlaget Indre Sogn treng sårt at folk kjem med lopper til loppemarknaden deira om ein dryg månad

Lærdal: – Me er avhengig av inntektene frå loppemarknaden for å kunne hjelpa mange kattar. Og her er det nesten tomt, sukkar leiar i laget, Randi Aarethun.

I lokala ved Lindstrøm hotell, der loppemarknaden skal haldast 17 - 18. juni i samband med Lærdalsmarknaden, er det skrint med ting og tang Dyrevernlaget Indre Sogn har å spela på til marknaden. Og no byrjar det å hasta:

– Syklar, grasklipparar og møbler går det gjerne mykje av på desse marknadene – når me får det inn. Og me tek i mot alt med unntak av magasin, pocketbøker og kledet; det vil seia, når det gjeld klede tek me i mot kåper, kjolar og jakker. Og me prøver å få henta ting om folk ikkje kan frakta det hit sjølve, seier Aarethun.

Håpar på fleire lopper no når folk ryddar for våren

Ho fortel at dei for eit par - tre år sidan fekk inn 50 000 kroner på loppemarknaden, men då fekk dei også inn mykje lopper.

– Det har vorte litt vanskelegare no ettersom folk har både Gamleskulen i Årdal og Skjulte skatter i Lærdal å levera til. Men me tenkjer at det no på våren er mange som ryddar i garasjar og slikt, så då tek me gjerne i mot. 

Inntektene frå marknaden skal altså nyttast på heimlause katter.

– Me gjer jobben på friviljug basis, så det går ikkje pengar til administrasjon. Men kattane me får inn skal kastrerast eller steriliserast og mange av dei er sjuke så dei må opererast, få medisinar eller liknande. I fjor fekk me inn eit flott, gamalt servise heilt frå nokon i Hallingdal fordi dei tykte det var eit så godt føremål, seier Aarethun.

Treng sårt fosterheimar og oppmodar til kastrering og chipping

Ho har dessutan to sterke oppmodingar og ei bøn for at færre kattar skal lida.

– For all del; kastrer eller steriliser katten din – no har eg drive på med dette sidan eg var tjuetre år, og det er ikkje vorte ein «tøddl» betre på dei åra. Og – chip katten din så me eller andre som finn den kan finna eigar. Chipping er beste gåva du kan gje katten.

Så var det bøna:

– Me treng sårt fleire fosterheimar som kan husa kattar mellombels.

Til toppen