BOT: Ein førar fekk bot for dekkmøster som var under minimumsgrensa.
BOT: Ein førar fekk bot for dekkmøster som var under minimumsgrensa. (Foto: Tomas Rolland / Statens vegvesen )

Trimma moped i Sogndal - føraren meld og mopeden avregistrert

Det vart ein stusseleg kveld for føraren som var på køyretur med ein godt trimma moped i går.

Indre Sogn: Måndag kveld hadde Statens vegvesen streifkontroll i Sogndal og Lærdal. I Sogndal vart ein mopedførar teken i kontroll for å ha trimma mopeden til høgare hastigheit enn den er godkjend for. Føraren vart meld og mopeden vart avregistrert. 

Dårlege lys, bremser og dekk i Lærdal

Langs E16 på Ljøsne i Lærdal vart det registrert fire tekniske manglar på lys og bremser, og ein førar fekk bot for dekk med mønster som var under den lovlege mimimumsgrensa.

Føraren av ein bil med hengar med lang last fekk bruksforbod for å ikkje ha merka lasten godt nok. I tillegg vart ein førar annmeld for å ikkje ha riktig førarkort som er naudsynt for å køyra med hengaren han hadde på bilen.

Til toppen