Lærdal: Trine Rein, som for tida er å sjå på «Hver gang vi møtes» på TV2 kjem til Lærdal, går det fram av ei pressemelding.
- Les òg: Sjå bilete frå Lærdalsmarknaden
Utvidar marknaden med konsert
Renate Fossen i Marknadsnemndi seier dei har diskutert lenge om dei skulle utvikla marknaden med ein større konsert.
– Når me no tek steget føler eg me treff godt med ein folkekjær artist som Rein, seier Fossen. Me trur på stort trøkk i Kvammegården denne kvelden, både musikalsk og i form av mykje folk. Så me håpar dette blir godt motteke og at folk kjøper billettar, seier Fossen.
Feirar 25 år som artist
Trine Rein fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1994 med debutalbumet «Finders, Keepers». Albumet selde 3x platina og førde til Spellemannsprisen for Årets nykommar. I 1996 gav ho ut singelen og hiten «Torn», og både i 2006 og 2007 deltok Rein på den norske Melodi Grand Prix. Året etter vart det kjent at ho hadde funne lukka med villmarkskongen Lars Monsen.
I 2015 kom Rein heilt til finalen i Stjernekamp, og to år seinare gav ho ut albumet «The Well» til strålande kritikkar. No er den allsidige sangdronninga aktuell som ein av deltakarane i TV2-programmet «Hver gang vi møtes», der ho sist laurdag synte si stemmeprakt med ein coverversjon av Katastrofe-låta «Elektrisk» som førde til terningkast 5 både frå anmeldaren og folket i VG.