SAME ØNSKET: Sjølv om vissa om at det skjer varierer aldri s lite, har dei alle mål om at Stedjetunet skal tilbake der det stod.
SAME ØNSKET: Sjølv om vissa om at det skjer varierer aldri s lite, har dei alle mål om at Stedjetunet skal tilbake der det stod. (Halvor Farsund Storvik)

Trioen tenker alt på korleis dei skal få reisa bygget att etter brannen

Ingenting er avgjort, men målsetninga er å få sett opp eit nytt i same stil.

Sogndal: Søndag kveld byrja det å brenna i Stedjetunet i Sogndal og det nær hundre år gamalt trehuset vart totalskada. Allereie dagen etter er målsetninga klar: bygget skal reisast att der det stod.

– Så får me sjå kva muligheiter det er og korleis me skal klara dette. Men me er innstilte på å gjera den jobben som må til, seier Ove Bukholm, styreleiar for stiftinga som eig det no nedbrente huset.

OPE KYRKJE: Ordførar Jarle Aarvoll talar til dei frammøtte på det opne møtet  i Stedje kyrkje på måndag, dagen etter brannen i Stedjetunet.
OPE KYRKJE: Ordførar Jarle Aarvoll talar til dei frammøtte på det opne møtet  i Stedje kyrkje på måndag, dagen etter brannen i Stedjetunet. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Meiner utforminga må vera den same

Han fortel at huset er fullverdiforsikra. Det vil seia at erstatningssummen skal tilsvara kostnaden med å reisa tilsvarande bygning på ny. Likevel vil ikkje Bukholm seia på ståande fot at eit nybygg er garantert, det blir for tidleg.

Per Hilleren, leiar for Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd, er meir bastant.

– At me greier å få på plass eit bygg att der borte, som er tru mot den arkitektoniske utforminga i det gamle, det trur eg er heilt avgjerande. Det er knytt så sterke kjensler i bygda til dette huset og det har vore som eit landemerke. Anten du har kome frå Luster, Kaupanger eller Leikanger, så har du sett det lysa imot deg frå haugen her, seier han.

Bukve minner om at det er alle dei tre sokna i samarbeid som må bestemma vegen vidare. 

– Blir det attreising, så blir det ein kjempestor dugnad, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

TOTALSKADA: Huset var den første aldersheimen i Sogndal då det vart bygd. Sidan har det fyllt fleire funksjonar og vore ein møteplass for eit breitt spekter av folk. Natt til søndag vart det ikkje mykje att etter brannen hadde herja.
TOTALSKADA: Huset var den første aldersheimen i Sogndal då det vart bygd. Sidan har det fyllt fleire funksjonar og vore ein møteplass for eit breitt spekter av folk. Natt til søndag vart det ikkje mykje att etter brannen hadde herja. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Eit hus «alle» hadde eit forhold til

Huset vart den første aldersheimen i Sogndal då det vart reist. På den flottaste tomta òg, vil dei fleste meina, med utsyn over fjorden og resten av bygda.

Aldersheim var det fram til slutten av 1970-talet. Då tok sokna Kaupanger, Leikanger og Norum over huset for å nytta det som kyrkjelydshus og forsamlingslokale. I dag eig dei same sokna huset, gjennom stiftinga Stedjetunet.

I 2010 vart huset leigd ut til dei som fram til brannen hadde fast tilhald her: eit arkitektkontor, ei barnehageavdeling og kyrkjekontoret.

Samstundes har det vore ein møteplass for mellom seks og sju tusen kyrkjelydsmedlemmer og eit breitt spekter lag og organisasjonar. Her har vore kyrkjekafè, søndagsskule, konfirmasjonar og andre festlege tilstellingar.

Nokre av dei flittigaste brukarane dei tre-fire siste åra, har vore den eritreisk-ortodokse kyrkjelyden i Sogndal, Leikanger og Luster. Kvar søndag har dei kome i buss frå nabokommunane. 

– Dette har òg vore deira møteplass, så brannen rører så mange, seier prest Kjell Olav Høstaker Nordheim.

DRAMATISK: Eit mannskap på over femti frå brannvesenet og Sivilforsvaret kjempa mot flammane. Dei greidde å hindra dei i å spreia seg, men ikkje at Stedjetunet brann ned.
DRAMATISK: Eit mannskap på over femti frå brannvesenet og Sivilforsvaret kjempa mot flammane. Dei greidde å hindra dei i å spreia seg, men ikkje at Stedjetunet brann ned. Bilde: Josef Benoni Ness

Gravkarta er vekke: – Det har vore eit enormt arbeid

Sjølv om arbeidsplassen hans er vekke, seier presten at den daglege drifta av kyrkjekontoret vil gå omtrent som før. Som resten av samfunnet har den norske kyrkja nemleg tatt steget til den digitale verda.

– Me kan berre logga oss på ein PC, så er me oppe og går. Me kan gjennomføra alt det me har tenkt.

Unnataket er dei manuelt oppmåla gravkarta, som mellom anna viser nøyaktig kvar dei ulike gravene skal gravast. Berre før søndag skal det vera heile fem gravferder. Det byr på praktiske utfordringar, men Hilleren lover dei skal løysa dei.

Å laga nye gravkart blir derimot eit møysommeleg arbeid. Karta til fire kyrkjer gjekk med i brannen.

– Alt er borte vekk. Det har vore eit enormt arbeid å få dette systimatisert og no må det byrja meir eller mindre på «scratch», seier Hilleren.

– Kjente kloa i magen

Presten hadde nettopp kome heim då ein kamerat ringte søndags kvelden. 

– «Stedjetunet brenn», var det første han sa. Då kjente eg kloa i magen, seier Høstaker Nordheim.

– Første tanken var «nei, dette skjer ikkje», seier Ove Bukholm, som fekk telefonen frå ein som bur med utsyn rett ned på Stedje.

Per Hilleren var på besøk hos mor si på omsorgssenteret då han fekk telefon frå son sin.

– Eg trudde det ikkje med det same. Så gjekk eg ut og såg lyslogane. Eg kjente berre ei tomheit og greidde ikkje å reagere. Det var først dagen etterpå, at eg kjente at dette rører noko langt inne i meg, seier han.

Alle tre hadde det same instinktet. Å komma seg raskt så raskt som mogleg bort for å sjå kor gale det stod til. Huset var då allereie i full fyr, flammane slikka opp mot taket frå loftsveggane og røyksøyla steig høgt mot den mørke himmelen. Ei stund kunne det sjå ut som brannmannskapet var i ferd med å få kontrollen, men så blussa det opp att.

– Då skjønte me at dette kom til å bli katastrafalt, seier Bukve, og legg til.

– At det ikkje var folk inne var ei ei enorm lette. Det er trass alt det viktigaste, seier han.

For det materielle kan trass alt erstattast, til og med eit hus.

Til toppen