POPULÆRT TILBOD: Symjegruppa i Jotun har tredobla seg det siste året. Frå venstre: Frida Lidal, Madelen Nundal, Sunniva Lomheim, Sanna Sæbø og Sean Rundereim Hauge. Foto: irene Røysi.
POPULÆRT TILBOD: Symjegruppa i Jotun har tredobla seg det siste året. Frå venstre: Frida Lidal, Madelen Nundal, Sunniva Lomheim, Sanna Sæbø og Sean Rundereim Hauge. Foto: irene Røysi.

Tripla medlemstalet på eit år i symjegruppa

Symjemiljøet i Årdal har fått seg ein oppsving.

Då symjegruppa i Jotun deltok på Vårduppen på Eid i helga, hadde dei med sek elleve symjarar. Det omtrent det same talet på medlem dei hadde i gruppa for eitt år sidan.

Tolv månadar seinare er dei ein gjeng på 30 symjarar. Det er leiar for symjegruppa, Ingeborg Hjelle, svært glad for etter at ho starta opp gryppa i november 2013.

Godt miljø

– Grunnen til at me klarte å starte opp var at Vidar Sande stilte opp og trente med oss. Han vikarierer framleis av og til, men hadde ikkje han stilt opp, så hadde det ikkje gått, seier Hjelle til Porten.no.

– Me var med ÅTIL før det. Symjegruppa i Jotun var nede i mange, mange år. Og blei det ikkje noko i ÅTIL, så då starta eg opp att.

– I fjor var me berre ti stykk, fire som var med på stemne. Då var det berre gutar. No er det både jenter og gutar med. Det er jo det som er så fint, at det er folk i alle aldrar. Me har eit veldig godt miljø.

Bra resultat

I helga var dei altså elleve symjarar som reiste til Eid. Årsaka til at det ikkje var fleire var fordi det kolliderte med andre arrangement, blant anna fylkesmeisterskapen i skulekorps, der Farnes skulemusikk tok sølv.

– Det var fem som konkurrerte og seks som symde rekrutt. Dei er litt for unge til at dei kan plasserast i ein klasse. 

– Av dei som konkurrerte gjorde samtlege ein kjempegod innsats. Det var veldig morosamt å sjå på. To av dei som var med sette personleg rekord, fortel Hjelle.

Konkurranse er i mellomtida ikkje det viktigaste.

– Hovudmålet er at dei klarar å svømme raskare enn sist. Me hadde mange fine resultat med både førsteplass, andreplass og tredjeplass, så me er veldig nøgde. Målet er å lære, og det var mange som ikkje hadde konkurrert før. Die var litt nervøse, men så slappa dei av og gjorde det veldig bra. 

Gode trenarar

Ei viktig årsak til at symjinga no byrjar å ta seg opp i idrettslaget igjen er at dei har fått nokre veldig flinke lærarar som går på ei av yrkesslinjene på Årdal vidaregåande skule.

– Begge dei to trenarane har lege i toppen av Symje-Noreg, seier Hjelle og framhevar særleg Even Stubhaug. 

– Han er utruleg flink med ungane og til å inspirere dei. Det har vore eit behov for dette, og det som er så fint er at me får med oss ungar som ikkje er med på så mykje anna. Mange brukar dette også som basistrening til andre idrettar. 

No håpar ho at enda fleire vil vise interesse for det våte element slik at dei kan få fram ei gruppe som verkeleg vil satse på symjing. 

Til toppen